I dag vart livet som seglar vanskeleg, nokon hadde stroke havet og teke med seg vinden..
Men me klagar ikkje, det vart ein stålande dag 🙂
Mange artige fjell-formasjonar å sjå.
Me var innom Småværet, men der var det ikkje mykje att etter brannen i vinter, så me havna her i Hasvåg. Her er mange sår i naturen etter brannen. Alle husa som gjekk med i brannen må du vita om for å sakna, for alle branntomter er allereie fint rydda opp i. Men lukten av bål heng enno i.
Fint å sjå att naturen ordnar opp og startar på ny!
Bjørkeskogen har berga toppen og veks vidare derifrå!
Me gjekk ein tur ut på skarva og såg på att sola gjekk ned 🙂 Lenger nord blir den på himmelen heile døgnet!
Veldig kjekt å følge med herifra Antibes. I går var det kuling her. Da fikk vi virkelig se seiling, sendte en tanke til dere og håper dere ungår kuling eller mere!
Veldig kjekt at dere følger med… ja kuling, spesielt den øvre delen av kulingskalaen prøver vi å unngå. Vi har som du da sikkert ser, komt oss bra langt nord nå, godt utenfor nærområdet, på tide å senke farten… Kalt i starten men nå er det bra, neppe som Antibes, men flotte omgivelser her også… H
Veldig kjekt å «fylja» dåke!! Nyyyydelege bilder. Vore fint ver her og nokre dagar. God seilas vidare!!
Takk for det 🙂
Alltid like kjekt å sjekka bloggen og sjå dei fantastiske bileta med ein liten historie til 😀 😀
Ha ein fortsatt strålande seglas!!
Takk for det 🙂