19. mai

20140519-IMG_4735

I dag vart livet som seglar vanskeleg, nokon hadde stroke havet og teke med seg vinden..

20140519-IMG_4813

Men me klagar ikkje, det vart ein stålande dag 🙂

20140519-IMG_925520140519-IMG_4791

Mange artige fjell-formasjonar å sjå.

20140519-IMG_4826 20140519-IMG_4821 Me var innom Småværet, men der var det ikkje mykje att etter brannen i vinter, så me havna her i Hasvåg. Her er mange sår i naturen etter brannen. Alle husa som gjekk med i brannen må du vita om for å sakna, for  alle branntomter er allereie fint rydda opp i. Men lukten av bål heng enno i.

20140519-IMG_4896 20140519-IMG_4864

Fint å sjå att naturen ordnar opp og startar på ny!

20140519-IMG_9287

Bjørkeskogen har berga toppen og veks vidare derifrå!

20140519-IMG_497020140519-IMG_4992

Me gjekk ein tur ut på skarva og såg på att sola gjekk ned 🙂 Lenger nord blir den på himmelen heile døgnet!

 

18. mai

20140518-IMG_4634 20140518-IMG_4659

Då ligg me her i Kuringsvågen i Stokksund. Hadde ein behageleg seglas med vind aktenfor tvers i dag og 🙂 Me innvilga oss dessert før middag og sykkeltur…

20140518-IMG_4671

Etter motvinds-sykling kom me til ei strand som heiter Hosnasand.

20140518-IMG_4681

Her har dei eit artig hotell,

20140518-IMG_4685

Ei fabelaktig flott strand,

20140518-IMG_4665

Strandrestaurant…..

20140518-IMG_4686

…kor ein stakkar sliten sykkelist kan kvila…..

20140518-IMG_4699

..og få servert nydelege blåskjell med brød og øl til 🙂

DCIM100GOPRO

20140518-IMG_4700

Stokksund har fått bru og ferja har tapt kampen…

DCIM100GOPRO DCIM100GOPRO

I Kuringsvågen driv dei med gjennbruk av oppdrettsmerdar… Ein triveleg restaurant kor du kan legge inntil med båt 🙂

DCIM100GOPRO

Me skjønar att me nærmar oss nord, første fiskehjell.

17. mai Hurraaa!!

20140517-IMG_4437Til lukka med dagen !

Mannskap utan bunad , men Cirkeline II fekk på seg sin 🙂 og rigga fint i Brekstad havn.

DCIM100GOPROFargerikt og flott tog med ordføraren fyrst i flaggborga  som hadde god bør!!   Fekk spørsmål frå ei søt ung dame i nabobåten, (frå Indonesia) «When does the carneval start…»

20140517-IMG_447520140517-IMG_4460 20140517-IMG_4477 20140517-IMG_4495 20140517-IMG_4498 20140517-IMG_4502Før me segla vidare åt me velsmakande rømmegraut og spekemat ombord 🙂

20140517-IMG_4556 Friskt i munninga av Trondheimsfjorden, baugspyd og fordekk fekk dukka seg!

20140517-IMG_4577

Men deretter fekk me sol og vind aktenfor tvers 🙂

20140517-IMG_4590 20140517-IMG_4615

Helsing til Olemann, Kjeungskjeret fyr.

Etter fin seglas ligg me no fortøyd i Lysøysund.

 

15. mai

20140515-IMG_4428

Skikkelig innedag, 8 grader regn og vind…

20140515-IMG_4431

Johnny og Eilev hadde møte med Kongensvoll så lenge att me måtte gå det motor og segl var god for til Brekstad. Me nådde butikken og pizzabakeren hjalp oss med middagen 🙂

 

14. mai

20140514-IMG_4411

Me forlot Kristiansund med sol på himmelen, men så kom denne skya å tok den..

20140514-IMG_4419

Etter ei stund for skya og sola kikka fram att 🙂 Me gjekk for motor, av og til  med hjelp av forsegl, oppover Trondheims-leia , heilt til Kongsvollen marina. Her skal Eilev  møta Johnny Iden i morgon og sjå på mogeleg ny båthavnsløysing heime på Bakka.

20140514-IMG_4424 20140514-IMG_4426

Stilt og sol inn i cockpit , fyrste middag ute på turen 🙂 Men etter att sola gjekk ned, fall temperaturen til 5 grader… Me skalka lukene og fyrde allt me var gode til!

13. mai

20140513-IMG_4382

Segla ut til Grip i dag, ligg her inne ved flytebrygga i havna.

20140513-IMG_4394

Fasinerande med denne «byen» som klorde seg fast her ute, iflg Kjartan er dette klippfiskens vugge!

20140513-IMG_9144

Tett bebyggelse og det meste godt vedlikeholdt.

20140513-IMG_9156

Viktig å samla alle dropane med ferskvatn her ute…

20140513-IMG_9154

Fyret på Grip.

DCIM100GOPRO

Herleg med kaffi i lun solvegg her ute!

12. mai

20140512-IMG_4286

Turistar i Kristiansund, nytta Sundbåten og vitja alle landa 🙂

20140512-IMG_426620140512-IMG_424020140512-IMG_4279 20140512-IMG_4288

20140512-IMG_4292

Fiskesuppe til lunsj og kaffelatte til dessert 🙂

20140512-IMG_4297Me var innvitert til Annfrid og Kjartan på bacalao om kvelden, det vart eit svært velsmakande måltid! Til og med Ole som i utgangspunktet er skeptisk til fisk måtte forsyna seg fleire gonger – og innrømma att det var godt! 🙂

20140512-IMG_4305 Dei blei med ned i båten og me fekk gode råd frå Kjartan om kor me skulle gå vidare 🙂 Tusen takk for ein hyggjeleg kveld begge to 🙂

11. mai

20140511-IMG_4211

Båt og mannskap vel forberedt og ship shape for dagens etappe over Hustavika, værmeldinga sa kuling. Men den blei de ikkje noko av, så det blei lyst-seglas.

20140511-IMG_4222

Sommarkledd bloggar…

20140511-IMG_4227

Dagens mål i sikte, Kristiansund med Nordic light 🙂

20140511-IMG_4232

Fortøyd i lag med ein halvbror 🙂

20140511-IMG_4233

Jippi! Der kom Ole 🙂 Velkommen til vår første gjest 🙂

10. mai

20140510-IMG_4180 20140510-IMG_4199

Silkeføre, sol, og vind rette vegen 🙂

DCIM100GOPRO

Padling i  Bjørnsund, Nordre Bjørnsund bak oss.

20140510-IMG_1246

Eilev inne i havna i  Nordre Bjørnsund.

20140510-IMG_0584

Her ligg me til kai i Søndre Bjørnsund, vinden held oss 2 m frå kaien 🙂

9. mai

20140509-IMG_4142

I dag har me sykla til Hessa og gått ein tur opp på Sukkertoppen, utsikten er mektig!

20140509-IMG_4171 20140509-IMG_4178

Etter fjellturen fallt me for div. freistingar i butikkane her i byen…

20140509-IMG_4154 20140509-IMG_4159

Me har hatt vitjing av Hedda og Frode 🙂 Hedda fann straks ut av det meste ombord og var igrunnen klar for å reisa på tur  🙂

Screen Shot 2014-05-09 at 18.19.10

Skarpsynte lesarar har fått med seg att det trass alt blei ein del styr med å koma til kai i Ålesund…..