28. og 29. juni

Laurdag formiddag var det underholdning i havna, kajakkrace Børøya rundt. Etter målpassering vart det div. demonstrasjonar av korleis padle .Og  balanseferdigheiter som å stå i kajakken , bytta kajakk utpå , koma seg oppi utpå. Imponeranse. 🙂20140628-IMG_0581 Om kvelden kom Maria, Turid og Christer som me skal bu i lag med i eit sommarhus her.20140629-IMG_0590 I dag har me vore på rundtur til «røtene » våre på Frøskeland kor mor vaks opp.20140629-IMG_0599 20140629-IMG_0603 20140629-IMG_0611 Utsikt til Reka frå tunet på Frøskeland.

20140629-IMG_0626 20140629-IMG_0637 Turen gjekk videre til Nyksund kor mor og tante Erna jobba ei tid.

20140629-IMG_0656 20140629-IMG_0658 20140629-IMG_0674 20140629-IMG_3714 20140629-IMG_3729Der hadde me ei triveleg kaffistund med tanter og onkler.20140629-IMG_3740Middag på Stø.20140629-IMG_0705Avslutta turen med eit elgmøte i nabolaget til sommarhuset me bur i!!!

25. 26. og 27 juni

Onsdag 25. juni segla me frå Skrova til Henningsvær, og alle var opptekne med kvar sin hobby… 20140625-IMG_006220140626-IMG_0114Torsdag 26. juni blei det BLÅTT over heile himmelen i Henningsvær!!!20140626-IMG_0118

Og Eilev var i den heldige situasjon att han fekk bruka mykje av dagen på skype-telefon-møte ….

20140626-IMG_0123 Me andre var turistar i Henningsvær..

20140626-IMG_0131 20140626-IMG_0134 20140626-IMG_0139 20140626-IMG_0148 20140626-IMG_0152Etter møte og sightseeing hadde me ein betre lunsj i cokpit før avreise, Kari er fullbefaren matros alt!20140626-IMG_0167 Draumen om syden……20140626-IMG_0235 Yttersia 🙂

20140626-IMG_0242 20140626-IMG_0244Så kom me til Laukvika i Vågan kommune.

20140626-IMG_0245 20140626-IMG_0252Her er det tydeleg stå på vilje for å halda liv i lokalsamfunnet!20140626-IMG_0288 Midnattsol, endeleg 🙂

20140626-IMG_0386 20140626-IMG_0395Tørrfisk i midnattsol …. 20140626-IMG_0463Fiskespor i midnattsol…20140627-IMG_0538Gjekk til Stokmarknes i dag fredag 27. Kari og Reidun reiste heim att. Takk for besøket! Det har vore kjekt med gjester ombord. 🙂

 

24. juni

I dag vart det segtur frå Svolvær til Skrova.20140624-IMG_998920140624-IMG_9841Kari fekk fort full kontroll på seglinga og heldt stødig kurs 🙂20140624-IMG_9892Storfiske – mykje småpale blei underkjent på størrelse, noko måsen var kjappe til å snappa opp! Men så fekk Reidun ein flott torsk som me no har ete til middag 🙂

Ein tur på land for å sjå korleis dei har det her. (Rett sitjestilling aukar sjansen …..)20140624-IMG_9923 20140624-IMG_0038Mange eventyrleg flotte strender. Kari og eg måtte nett vassa- men for kaldt ..sjølv for Kari!DCIM100GOPRO  20140624-IMG_001820140624-IMG_996320140624-IMG_996420140624-IMG_998520140624-IMG_9993Oljetanken.no – ombygd oljetank til utleigebolig, kreativt 🙂20140624-IMG_0055DCIM100GOPRO 20140624-IMG_9991

23.juni

Perfekt turvær for ein ekspedisjon opp på Fløya via Djevelporten og ned til foten av Svolværgeita 🙂

20140623-IMG_9370 20140623-IMG_9375 20140623-IMG_9460 20140623-IMG_9475 20140623-IMG_9483 Blid turgjeng endå det er både bratt og lukst utøve både her og der!20140623-IMG_9494 20140623-IMG_9502 20140623-IMG_9512Utsikten var vel verd alle motbakkane 🙂20140623-IMG_9534 20140623-IMG_9541 Endå ein egg å forsera….20140623-IMG_9580 Fantastisk utsikt over Svolvær.20140623-IMG_9601 20140623-IMG_9726

Hardt å vera på tur for fotomodellar, alle vil ta bilete…20140623-IMG_9646 20140623-IMG_9671 20140623-IMG_9717Me innvilga tur innom konditori på heimveg, og så blei det middag på restauranten Kjøkkenet på Anker brygge.

22. juni

Då var me komne til Svolvær, måtte forhala litt att og fram på kaien for å unngå …IMG_1657..denne situasjonen som dei hadde her for 4 veker sidan..Fotografert av Aina Instanes frå Tyssedal som møtte oss på kaien 🙂20140622-IMG_935720140622-IMG_9319)20140622-IMG_9325Vel fortøygd så var det berre å setja i gang å rydda å vaska båten til me får besøk!20140622-IMG_9339 og der kom Kari og Reidun og mønstra på  🙂 🙂 20140622-IMG_9345Vel innflytta i båten, ut i byen og åt på bacalao på Bacalao  🙂 20140622-IMG_9330

Planar er å gå opp til Svolværgeita i morgon.

 

21. juni

Kabelvåg, vi starta med besøk på Kåre Espolin Johnson utstilling, han har fanga Lofoten på unikt vis. Artig grafikk langs vegen også idag og (blodflekken er ikkje original)

20140621-IMG_9272 20140621-IMG_9273 20140621-IMG_9276 20140621-IMG_9279 Bra stor kyrkje i Kabelvåg, Lofotkatedralen er dimensjonert ut frå å ha rom for alle fiskarane som kom hit.

20140621-IMG_9287 20140621-IMG_9290Surt ver er godt cafelatte ver, Matrosen har sett foten i døra for å vera sikker på at den ikkje skulle glippa. Inne var det miljø frå oppveksten.20140621-IMG_9311 Tilgang til sivilisasjonen og tilbake til «heimen» gjennom puben – det var eit smart trekk.DCIM100GOPRODen nye blomevasen krev stadig påfyll av friske blomar.

 

20. juni

Henningsvær 2… Me skulle sykla å sjå på eit kunstverk i Skulpturlanskap Nordland av Dan Graham, som ligg i Vågan kommune. Halv-vegs var Eilev heilt på felgen… og måtte returnera til moderskipet…ei skarp gjenstridig flis stoppa turen… ny sykkelforviklingsdag for han…

20140620-IMG_9246 20140620-IMG_9250…eg sykla vidare i motvinden, og fann ei oppleving vel verd strevet 🙂20140620-IMG_9219 20140620-IMG_9222 20140620-IMG_9226 20140620-IMG_9235 20140620-IMG_924320140620-IMG_9251Med ferdig lappa framhjul starta me jernhesten og tok farvel med Henningsvær. Me gjekk stille og bunkersfolket måtte av med høyrselvernet for å høyra at motoren gjekk. Me ligg no i Kabelvåg.

 

19. juni

Sykkel-forviklingsdagen.. Eilev har freista å bestilla nytt framhjul til sykkelen sin i dag, noko som viste seg å vera svært komplisert. Då han endelig hadde fått kontakt med ein svenske frå Gamlastan i Stokholm, som hadde og ville senda,  måtte han berre bryta samtalen pga eit » bomb hot». Han var nermaste nabo til adr. der bombetrusselen var i dag!20140619-IMG_9171

20140619-IMG_919220140619-IMG_9195Me kledde oss godt og gjekk ein tur etter sykkel-styringa. Fleire artige husdekorasjonar 🙂20140619-IMG_9188Fint her i Henningsvær, men KALDT! 5,5 grader no og vind! 20140619-IMG_9199 20140619-IMG_9204 20140619-IMG_9205 20140619-IMG_9210

18. juni

Så kom me til Henningsvær, her er mykje å sjå på – etter delikatessehandel (ekte Lofotkaviar, etc) gjekk me på kunstutstilling.IMG_1619IMG_1626Flott, laga av tomme blikkboksar med fantastisk presisjon.

IMG_1158 IMG_1159 IMG_1160   IMG_1644Fotoutstyr light i dag, kjempeflott utstilling, ….ut til kunstverk ute i byen

IMG_1646

IMG_1647IMG_1651 … men ølutsalget var stengt for mange år sidan, så då so ……

 

17. juni

Regnver og 8 grader i dag, ypperlig museumsver. Me tok buss til Borge og besøkte Lofotr viking museum.20140617-IMG_9158Her har dei rekonstruert eit langhus frå vikingtida, vel verd eit besøk.20140617-IMG_9102 20140617-IMG_911520140617-IMG_9113 Inne serverar dei varm sodd, Eilev sjekkar att det er klart til servering 🙂20140617-IMG_9125 20140617-IMG_9134Velsmakande lammesodd med rømmeklatt og flatbrød, mjød å drikka til 🙂20140617-IMG_9152 20140617-IMG_9154 20140617-IMG_9155 20140617-IMG_9156Ein studie i ansiktsuttrykk ved fyrste gongs skyting med pil og boge. Som de kan sjå er det både smertefullt og overraskande.. Visst de lurte så ja, eg bomma på blinken…20140617-IMG_9168 20140617-IMG_9169Her i Ballstad fargelegg dei tilverelsen med alle dei malingspanna dei har 🙂  Segla vidare til Stamsund etter motvindssykling frå Borge til Ballstad.