Starta dagen med heller behageleg segling frå Lovund til Træna, vind på babord låring. Kapteinen sovna på vakt.. avslørt av mannskapet som festa det til film..
Men vakna og var klar på dekk med kamera når desse nærma seg.
Kulissane til solbading i dag.. 27,3 grader i skuggen ….. ei fin markering av att me passerar polarsirkelen 🙂
Me hadde planar om å reisa vidare men måtte berre stoppa her i dag! To brødre er einaste fastbuande her når vinterstormane set inn.
Tunnel til toppen av fjellet, bratt, lang og mørk. Sjølv med lommelykt såg me nesten ingenting. Men lyset i tunnelen kom for ein dag 🙂
Etter mørkevandring vitja me Kirkehelleren, og Eilev prøvde ut velsignings-eigenskapane sine..