Langt havstrekk på stødig styrbord hals gav endeleg litt tid for å studera videoredigering, kanskje kjem det inn ein filmsnutt etterkvart.
Etter 8 timar dukka ein slags verdens ende opp med Skomvær fyr og nukane. For oss byrjinga på Lofoten.
Det blei mange bilde å sortera i….
Havet kokande av sjøfugl…..
«Get out of my way !»
Unikt landskap, ruskete og grunt farvatn med friske fallvindar. Godt at det stod fire seglarar på kaien for å ta trossa då me kom inn til Røst. Her er det ikkje tvil kva dei driv med, det lukta tørrfisk lenge før vi var inne..
Fantastisk flott å sjå og fylja dåke!!! Håpar det vert ei bok å få kjøpa?!God seglas vidare!!!