Havskodda i dag, men me satsa på att den letta… ( noko som viste seg å vera optimistisk) Gjekk til ei bygd som heiter Måstad, her stammar lundehunden frå. Her har dei verken straum, vei eller havn, ingen fastbuande sidan 1974.
Har tidlegare vore stor aktivitet her, det visar imponerande flotte og lange båtstøer. Godt med stor nista i dag, blei laaang tur.. med mykje hindringar å kjempa seg forbi..
Midt i vegen stod eit troll å stengde vegen !! Eilev freista fyrst å brøla til det..
..så trua han med juling, måtte til slutt ty til vold og gav det ein skikkelig nasestyvar.. Då fekk me endeleg passera.
Lofoten sjokolade, me ville inn, men butikken var stengd.
Lite sikt, så fokus i dag har vore former og figurar i stein 🙂
No skjønar eg kvifor det heiter steinkobbar. Tøft