Føremiddag i dag vart innedag, med regn og heller surt. Men så midt på dag kom sola 🙂 Me er i Reine, her er det svært vill og likevel idyllisk natur!
Frisk vind her i dag, Eilev har hatt ein runde og sett på korleis dei andre båtane ligg… tykkjer synd i desse fenderane som skal halda imot 10m/s vind rett på bryggja…og ikkje mogeleg for nokon å koma ut.
Medan me prisar oss lukkeleg nett rundt neste molo, utan sterkt pressa fendrar 🙂 Sol og fint men 9-10 grader i dag.