Tidlig i dag tok me rutebåt inn til Vindstad, me ville sjå Bunesstranda som i fylje Vagjerd Svarstad Haugland er ein av dei 55 mest romantiske stader å ta med seg kjærasten 🙂 Me gjekk derfor fyrst opp på Helvetestinden, her utsyn tilbake til Vindstad.
Frå Helvetestinden – utsyn mot yttersia, havet og Bunesstranda. Stien ligg på ein flott «Bessegg+»
Så gjekk turen ned på stranda, her var det triveleg å vera og mykje rart å finna..
Frå kaien på Vindstad.
Utsyn inn i Kirkefjord. I båten vart det middag og ein liten lur, og så igjen ut på tur….
til Reinebringen. Denne utsikten ned mot Reine er verdt heile den bratte stien opp…
Jammen var det smalt her og..
Og opp kom me !
Veit ikkkje om alle dei fjellturanen hadde vore det rette for meg, som er plaga med høgdeskrekk. Ikkje utan grunn at eg valde ubåt i si tid. Men Cirkeline 2 har ein fantastisk fotograf ombord. Reine reiselivsbrosjyren de legg ut på bloggen! Og de kjem inn til heilt andre og mindre plasser enn det eg fekk oppleva då me opererte i dei same farvatna.
«Lukkeleg er mann og viv som kan segla rundt i Lofoten mens midnattsol over sjøen sviv. Dei treng ikkje psykolog og sjelesørgjar, når dei seg etter ankerdrammen hiv!» (Kunne vore etter Håvamål, men det er skalden sjølv som skriv.)