Laurdag 5. juli kom Eilev tilbake på plass i båten. Me gjekk til Nyksund i sol og sommarvarme .
Søndag 6. juli, 21 grader og frukost ute i shorts 🙂 Me gjekk til Andenes via Bleik , kor me plukka opp Kristin og Nils Arne. Eg var godt førebudd på å ta bilete av kval, men dei viste seg ikkje endå me gjekk ut til denne mykje omtalte «eggja».
Rundt Bleik var lufta og sjøen levande av Lundefuglar…
Kristin og Nils Arne fekk med seg både sommarvarme og midnattsol frå fyrste dag på tur med oss!
Sjøen og «boyjen» i Nyksund er så blank at den ikkje ser ekte ut for ein vestlending. 🙂 Får de no sjå kvalen leike seg med fisk og i dette veret, då gir eg meg ende over. Kos deko og ta deko tid til å leggja ut på bloggen. Me i Kroatia ventar i spenning på neste «episode».
Fantastiske fine fuglar😃👍har ikkje slike i Dåfjorden, men me har svaner😀 gleder meg til å sjå bilde av knølhval, vågehval, spekkhugger, eller grindhval! God tur vidare i vene nord!