Me starta dagen med å tøffa rundt i jolla for å sjå oss om inne i bassenget rundt Engøy og Nautøya, eventyrlig vakkert her.
Når det var rett flo og straum gjekk me ut Nesstraumen, lite trim i dag så Eilev jobbar her med ein slags styrketrening eller kva det no er…
Me gjekk ut mellom Lundøy og Engeløy og inn i Brunvær, her møtte me…
..denne idyllen av ei sandstrand, og fann ut att me berre måtte sleppa ut ankeret og bli.
Det vart ein uverkelig kveld i omgivelsar som knapt kan beskrivast…
Me tukka ein runde med jolla, møtte fleire ørner – her blir ei jaga av ein måse!
I dag 28. juli tok me ein liten runde for å ta bilete av av desse anemonene under vatn før me letta anker. På veg attende til båten vart me vinka inn på kaffi av Jarle Berg som har sommarhus her – uventa og svært tiveleg. Uheldigvis kom eg til å sletta bileta eg tok hjå han før eg fekk lasta dei inn på dataen… Me gjekk for å fiska på veg til Røssøy, Eilev med godt mot og nye kveitefiske tips… Kveita ville ikkje bita i dag heller, men eg fekk ein flott torsk som Eilev heiv på sjøen då han skulle sløya… Som plaster fiska han ein ny torsk, men denne viste seg å vera full i kveis… På tide å sula opp fisket for å handla på butikken her i Steigen. Handelsmannen meinte måndag var ein dårleg handledag – tysdag og onsdag var mykje betre. Det synte seg å halda stikk, kyllingen me kjøpte var ikkje etande endå datoen var ok… Mykje dessert i kveld mao 😉
28. juni? Har forstått på Eilev at det har slutta med å sjå på klokka. Men at det var gått so langt at det også har slutta med kalender, det var eg ikkje klar over. Men for at de ikkje skal koma heilt på villstyr og for at Randi skal koma seg tilbake på jobb i tide so vil eg berre minna deko på at me skriv august i slutten av denne veka. Ha ein fortsatt flott tur langs vår vakre kyst! Jørund. ,
Oi det var nære på – takk for tipset – har fixa…