Ut på tur aldri sur 🙂 Perfekt turvær med skyer, lett trekk i lufta og ca.20 grader Me sykla inn til butikken og la i veg til Prestkona (646 moh)
God og bratt sti opp til ein egg bort til toppen.
Her var det fantastisk utsikt …
..i alle retningar…
og Lofotveggen skimtande baki der heile vegen.
Eilev blei så oppglødd over eggen att balett-danse-talentet hans kom fram i dagen.
Langt der nede ligg Cirkeline II . Så då bar det ned att og sykkeltur attende til moderskipet.
Me lasta alt ombord og løyste fortøyningane for nye eventyr.
Forlot Røssøy, – her ser de Prestkona i midten bakerst i biletet. Me segla med berre fokke i behageleg medvind ned til Helnessund kor me no ligg fortøyd.
Ser at dykk og har hatt ein super tur i dag.så fine bilete! Utrulig heldig med været! Klem
Ja me er kjempeheldige med veret og då går det det meste an. Kjempeflott tur og utsikt. Her er mykje meir enn me rekk over…
Er de tenkt til å segla rundt «Der oppe» å leggja ut slike misunnelsesverdige bilete i ein månad til eller kjem de snart sørover?
Kanskje de skal leggja att båten der opp de og. Eg vert gjerne med på ein ny nordnorgetur neste år 🙂