Me let oss stadig imponera av fjellformasjonar her oppe, dette er Skotstind på Nordskot.
På Helnessund hadde dei ein fiskeutstyrsbutikk… Ny sluk eller kva ein skal kalle dette monsteret..Eilev har store forhåpningar til kveitefisket i dag og…
Det kryr av flotte strender innimellom alle øyene..
Herr og fru fyrvoktar….
Endå eit fjell , Multinden.
Her snakkar me om fiske med STORE bokstavar…
DER beit det noko på!!! det viste seg å vera endå ein torsk, rett nok ein stor ein då…
På veg inn i havn på Kjerringøy, noko sippig vær…
Regn ute, varmt og tørt inne 🙂 Har hatt koselig besøk av Liv Marie og Lars frå S/Y Oda, dei legg båten i vinteropplag her no.