Me segla frå Sørfugløy til Inndyr å handla. Gjekk vidare mot Storvika for å sjå kor nabo Kjell Sture har røtene sine. På vegen møtte me desse slåst-kjempene nase mot nase.
I bukta inn mot Storvika kom me forbi desse spylerennene og jettegrytene,
då måtte eg på land å sjå og ta bilete.
Medan Eilev låg utpå og venta i Cirkeline II, og var glad for att dei flotte steinane i fjøra var for tunge til att eg fekk dei med i båten…
Med kurs ut av Storvika vart himmelen eit vakkert skue!
Me enda opp i gjestehavna på Støtt .