Rødøyløva hadde teke på seg hatten til me reiste.
Hestmannen var i godlage og tok av seg hatten og helsa oss velkommen.
På med fjellsko igjenn, bratt men flott tur oppover.
Belønning med flott utsikt til alle kantar, den vesle kvite prikken nede i bukta til venstre er Cirkeline II som ligg på svai.
Træna
Ein kikkar på kanten…
Svartisen.
Luft under vengene…
Ikkje mykje å føta seg på…
Nede att til båten med dagens fangst.
Kortreist middag, pizza med soppfyll i dag 🙂
Etter middag letta me anker og gjekk på utsida av Hestmona. Ikkje vanskeleg å skjøna kor dette fjellet har namnet sitt frå. Tenk att me har stått oppe på panna til Hestmannen i dag!
På veg inn til Tonnes havn, månen kom opp før sola gjekk ned.
Flott lys rundt Hestmona etter solnedgang.
Mørkret har sneke seg inn på oss… slutt på evige lyse nordlandsnetter for i år.