I dag sykla me frå Veiholmen til Smøla Havstuer på Råket, for å vitja Annfrid og Kjartan. http://havstuer.no
Vind i fluktstolane her … godt me hadde den med oss i ryggen på sykkelturen.. Annfrid køyrde oss attende til båten, noko me var glade for, hadde vorte ein lang sykkeltur i motvind…
Ein triveleg dag i godt selskap. Mykje god mat og prat 🙂 Og sjøbad på dei tøffaste av oss…
Ikke så lett med fira stk på ein og same selfie…
Hei på dåka! Du verda for ein fantafenomenalistisk tur de har hatt! Alt de har opplevd og alt de har fotografert må då kunne danna grunnlaget for ei bok. I Hamsund sin roman om August, var det ein skippar frå Hardanger som hamna i myra ein stad der oppe i nord. De er derimot hardingar som vender heim att like heile og med eventyret lagra på minnebrikker.