Onsdag 20. august vart det shopping på Moa og kaffi og sveler med Berit, ein bedre middag på XL Diner med Louisa. Fint å vera turist i Ålesund.Torsdag 21. august løyste me fortøyningane tidlig for å passera Stadt.
Diselfylling må til – det var skålande tomt i dag..
Skiftande ver – men behageleg forbi Stadt i dag 🙂
Me motor-segla til Silda, her har kvar mann sin halve båt…
Fiskebruket er hengt på land for godt og blomane ber preg av att årets sesong er over..
Det må vel vera sjølvaste Harry som bur her …
Kun seglarar i havna på Silda i kveld, og denne gongen var me berre nest minst…