16 juni – Inverness til Fort Augustus

Me har nett starta på trappene. På nettet fann me eit utsagn om at å liggja fremst mot straumen i slusa er verst, med råd om å ta det med ro inn i slusa og «let the germans take their natural place». I mangel på tyskarar slepte britane oss fyrst…..men me hadde erfaring frå Gøtakanal så det gjekk strålande:

20170616-IMG_5992

Eit forvarsel om uhyret som venta oss i Loch Ness:20170616-IMG_6003

Oppe på kanalen, moderat fart med fendrar ute, enkelt liv…20170616-IMG_6010

Kanalen er svært populær, og utleigebåtane som det var mange av var «fullbooka» frå april til september.20170616-IMG_6013

Urqarth Castle ved Loch Ness. 20170616-IMG_6039

Framme i Fort Augustus. Uhyret i Loch Ness viste seg i form av sterk motvind.20170616-IMG_6064

I kontrast til kosthaldet heime kasta vi oss over frityren her – fritterte scampi om det skulle vera vanskeleg å sjå…20170616-IMG_6082

Vi møtte Sheila og Stuart på SY Grampus. Vi hadde kart med over tid dei og fekk mange gode anbefalingar over stader det var fint å ankra og ting det var verdt å bruka  tid på. Vi hadde med lime-prikkar som markerte attraksjonane på kartet, var lurt har det vist seg…20170616-IMG_6070

14-15. juni – Inverness

14 juni sette vi kurs for Vestre Sea Lock i Caledonia kanalen, og melde oss klare for å gå inn på VHF kanal 74, med solid styrbord fendring. Vi blei tekne imot på ein sjarmerande og imøtekomande måte av kanalvakta. Vi kjøpte 8 dagars kanalpass (minimum) og fekk ei flott innføring i det aller meste om livet på kanalen og anbefaling om å ta det riktig med ro og nyta turen.20170615-3G1A1102Sea Lock east og tau ned frå kaikanten som velkomst. Konstruktør for kanalen er same som for Gøtakanalen, som vi har prøvd før når vi henta Cirkeline II i Finland. Med andre ord var vi litt prekvalifiserte denne gongen.20170615-3G1A1114Så var det tid for Crew-shift. Så vidt inne  kanalen kom Randi ombord via fly til Aberdeen og tog hit. Bra timing i forhold til ei kraftig regnbyge (som det finns mange av her), og unngjekk så vidt å bli skikkeleg våt. Fint å koma inn under tak.

Inverness, her er det bra med historiske stolte bygningar.20170615-IMG_5934Avslutningsmiddag med Dag og Anders, som har heimreise 05:00 i morgon tidleg for sommarjobb. Randi og Eilev dreg vidare vestover, då er det back to basic crew med andre ord.20170615-IMG_5939Kvar ovn si pipe…skotske fasadar20170615-IMG_5962Dag måtte sjekka ut utsikta frå mastetoppen før han drog heim, og bildet er faktisk ganske representativt for følelsen ein har når ein er der oppe…sjekk winsjemannskapet der nede.20130108-GOPR4334-1

13-14. juni – Wick

Å gå inn til Wick i sterk vind er ikkje anbefalt pga at det bryt inn mot hamna. Vi kom inn i roleg sjø, men på lågvatn opplevdes det trange innløpet og dei høge moloveggene mest som inngangen til fengsel. Byen var og heller grå, men dei har eit eller anna spennande restaureringsprosjekt for seg i indre hamn som såg lovande ut.  Hamneanlegget var av god kvalitet, og lystige herrar på sykkeltur var svært imøtekomande då me kom. Dei meinte at damene ville sjå oss og var rimeleg sikre på at dei ville koma ombord til oss i 11-tida…Det kom ingen likevel.20170613-DSC03058

Vidare til Inverness neste morgon. Flatt hav, stor trafikk av lundefuglar på rekke til og frå fiskefeltet. Vakthavande mannskap styrer frå fordekket20170614-3G1A0993Stadig meir dekorativt gult i liene – gyvel som veks vilt.20170614-3G1A1016Endeleg kom sola skikkeleg fram, mannskap på frivakt nyt tilværet, lang «fjord» til Inverness.20170614-3G1A1018Dag testar yndlingsplassen frå han var liten – den passa fortsatt.20170614-3G1A1080Kveld over Kessok Bridge ved Inverness. 2-3 knop motstraum passa effektivt på fartsgrensa. Flott hamn rett innanfor brua (Inverness Marina). Vanskeleg å berekna kursen i mykje sidestraum fann vi ut, men kom frå det på anstendig vis.

Ferdigmat til middag – moussaka som smaka mild rjomegraut – litt uvventa men alle var einige om dette. I tillegg lasagne som utvilsomt var av same opskrift. Anders meinte det blei brukbart med nok ketchup på.20170614-3G1A1087

11-13. juni – Orknøyane

Orknøyane starta med Kinesisk (av alle ting) middag. Me valde ein meny av det større slaget. Svoltne etter seilasen la vi godt i oss frå start, men rettane vart fleire enn vi hadde sett for oss, og vi vart solid mette.

Etter ei god natt søvn var det tid for å sjå seg om. Tanken var å leiga bil, men ikkje ein var å oppdriva. Derved vart det tur til gamal historie i dobbeltdekkar. Det vart etterkvart frisk vind på toppdekket.20170612-DSC02999

5000 år tilbake i tid, lenge før pyramidane vart bygde – Skara Brae20170612-DSC03025

Tirsdag morgon vidare til Wick, nordaust på det skotske fastlandet. God bør sørover. Vi hadde tankane på straumforholda rundt Pentland Firth og gjekk langt ut. Det gjorde også dei heftigaste regnbygene, og dei kom fort. Storseglet styrde vannstraumen effektivt ned i cockpiten:20170613-3G1A0981

10-12. juni – Fair Isle

Fair Isle – er ei perle – kjenner det med det same ein kjem inn i hamna. Rask sjekk av den næraste lundefugl hekkeplassen – dei var der opptekne med sitt. Utruleg sjarmerande fuglar.

Ooops, langt ned til sjøen her……kasta seg i det eller ??20170608-3G1A0356Fasinerande og flott å sjå på20170608-3G1A0362Og har ein roen kjem dei ganske nære:20170608-3G1A0374Tydeleg ein del av Skotland..20170609-3G1A0378

Neste dag klippevandring i sørvest – spennande natur, sauer, kaniner og ei mengd ulike fuglar20170609-3G1A0415Endå lengre ned for oss med dårlege flygeeigenskapar.20170609-3G1A0488Kajakk er fint her – Dag og Anders hadde lagt merke til holene under innseglinga, desse måtte dei finna ut av20170609-3G1A051620170609-3G1A052720170610-3G1A0720Lokalkjende på fugleobservatoriet fortalde at det var mogeleg å padla gjennom Sheeps Rock, dette måtte prøvast og viste seg spennande:20170610-DSC02937Hamna på Fair Isle med Cirkeline II og Good Shepard som er linken til øya20170610-3G1A058720170610-3G1A0802Tur på Klippane i vest og nord, men skodde – ikkje mindre sug i magen av den grunn20170610-3G1A0838Så kom sola. Avreise frå Fair Isle og vidare til Kirkwall på Orkenøyane.20170611-3G1A0876Fuglefjell (Havsuler) på vestsida av Fair Isle:20170611-3G1A0898Flott seilas sørover20170611-3G1A0952Roen senka seg20170611-3G1A0969

8-9. juni – Shetland

Etter god søvn var det tid for leigebil og sightseeing på Shetland. Eilev fekk seg ein kraftig strekk i leggen under ilandstigning på Shetland, og oppnådd mindre god omtale for rykk og napp med manuelt gir i venstrekøyringa. Strendene på Shetland imponerte langreis-gutane, men Dag fann ut at temperaturen tilsa at det var nok med vristbading i Levenwick. Her i stadige fortvila forsøk på å nå omverda via verdensveven…20170607-3G1A0200

Etter å ha kryssa flystripa varta Sumburgh head opp med drivande skodde. Vi prøvde å helsa heim via web-kamera i lag med fuglane.

Skodda letta over St. Ninian´s Isle, ein fantastisk plass som inspirerte Dag og Anders til ballspel i sanden.20170607-3G1A0247

Etter bilturen tid for obligatorisk Fish & Chips i rause porsjonar. Det fall i smak !20170607-3G1A0251Neste dag, overfart til Fair Isle, strøken seilas i le av land og vidare mot paradiset:20170608-3G1A0276

5-7. juni – Nordsjøen

Anders kom på kaien kl 9 med stor skipssekk på ryggen, klar for tur. Etter litt frukost la vi i veg mot Nordsjøen. Sikkerheitskurs ombord på veg ut stille Hardangerfjord. Fyrste seglheis utanfor Bømlo, og vi kunne stengja av jernhesten i fin bør mot Shetland. Etter som Nordsjøen var ny erfaring for Dag og Anders utstyrte vi alle med Skopodermplaster bak øyra.

Friske og opplagde med kurs rett vestover:20170605-3G1A0176

Sjøkøya midtskips klar for sovande frivakt, beste plassen når alt «rør på sej». 3 X 4 timar vakter fungerte bra.20170605-3G1A0179

Etter som vi nærma oss Shetland vart det heller vått, Likevel grei seglvind frå sør heile vegen. Følgde trafikken nøye på AIS. ein del båtar, vi måtte leggja om kursen for ein med slep på 6 km. Ein oljerigg kom på VHF og melde om sin eksistens rett i vår kursline. Den viste ikke på hverken elektronisk eller papirkart, men vi hadde fatta mistanke pga støttefartøya rundt. Etter litt omlegging av kurs var det Shetland neste og vi ankom Lerwick etter 32 timar frå norsk kyst. La til i sterk vind og heftige regnbyger. Godt å sova ut godt fortøygd.20170606-3G1A0182

2-4.juni siste førebuingar før avreise til Skottland.

Oppfiksing av kjellarleilegheit kom inn før ferie, og plutseleg var veldig kort tid til avreise. Vestover til Skotland i år. Oii, her er det mykje som ikke er avreiseklart, kvar er redningsflåten, etc ? Betenkt representant frå reiarlaget, gode sjekklister blir godt å ha.20170603-3G1A0162

 

Og inni – like kaotsk, berre å ta fatt, må vera på strekk når ein skal over havet.20170603-3G1A0166

Likevel med god dugnadsånd kom me avgarde nesten til oppsett tid, avgang heimehavna på Bakka søndag 04. juni 19:00. Dag og Eilev ombord på fyrste strekk til Uskedal, for å få med Anders (kamerat av Dag) vidare.