Å gå inn til Wick i sterk vind er ikkje anbefalt pga at det bryt inn mot hamna. Vi kom inn i roleg sjø, men på lågvatn opplevdes det trange innløpet og dei høge moloveggene mest som inngangen til fengsel. Byen var og heller grå, men dei har eit eller anna spennande restaureringsprosjekt for seg i indre hamn som såg lovande ut. Hamneanlegget var av god kvalitet, og lystige herrar på sykkeltur var svært imøtekomande då me kom. Dei meinte at damene ville sjå oss og var rimeleg sikre på at dei ville koma ombord til oss i 11-tida…Det kom ingen likevel.
Vidare til Inverness neste morgon. Flatt hav, stor trafikk av lundefuglar på rekke til og frå fiskefeltet. Vakthavande mannskap styrer frå fordekketStadig meir dekorativt gult i liene – gyvel som veks vilt.
Endeleg kom sola skikkeleg fram, mannskap på frivakt nyt tilværet, lang «fjord» til Inverness.
Dag testar yndlingsplassen frå han var liten – den passa fortsatt.
Kveld over Kessok Bridge ved Inverness. 2-3 knop motstraum passa effektivt på fartsgrensa. Flott hamn rett innanfor brua (Inverness Marina). Vanskeleg å berekna kursen i mykje sidestraum fann vi ut, men kom frå det på anstendig vis.
Ferdigmat til middag – moussaka som smaka mild rjomegraut – litt uvventa men alle var einige om dette. I tillegg lasagne som utvilsomt var av same opskrift. Anders meinte det blei brukbart med nok ketchup på.