14 juni sette vi kurs for Vestre Sea Lock i Caledonia kanalen, og melde oss klare for å gå inn på VHF kanal 74, med solid styrbord fendring. Vi blei tekne imot på ein sjarmerande og imøtekomande måte av kanalvakta. Vi kjøpte 8 dagars kanalpass (minimum) og fekk ei flott innføring i det aller meste om livet på kanalen og anbefaling om å ta det riktig med ro og nyta turen.Sea Lock east og tau ned frå kaikanten som velkomst. Konstruktør for kanalen er same som for Gøtakanalen, som vi har prøvd før når vi henta Cirkeline II i Finland. Med andre ord var vi litt prekvalifiserte denne gongen.
Så var det tid for Crew-shift. Så vidt inne kanalen kom Randi ombord via fly til Aberdeen og tog hit. Bra timing i forhold til ei kraftig regnbyge (som det finns mange av her), og unngjekk så vidt å bli skikkeleg våt. Fint å koma inn under tak.
Inverness, her er det bra med historiske stolte bygningar.Avslutningsmiddag med Dag og Anders, som har heimreise 05:00 i morgon tidleg for sommarjobb. Randi og Eilev dreg vidare vestover, då er det back to basic crew med andre ord.
Kvar ovn si pipe…skotske fasadar
Dag måtte sjekka ut utsikta frå mastetoppen før han drog heim, og bildet er faktisk ganske representativt for følelsen ein har når ein er der oppe…sjekk winsjemannskapet der nede.