Anders kom på kaien kl 9 med stor skipssekk på ryggen, klar for tur. Etter litt frukost la vi i veg mot Nordsjøen. Sikkerheitskurs ombord på veg ut stille Hardangerfjord. Fyrste seglheis utanfor Bømlo, og vi kunne stengja av jernhesten i fin bør mot Shetland. Etter som Nordsjøen var ny erfaring for Dag og Anders utstyrte vi alle med Skopodermplaster bak øyra.
Friske og opplagde med kurs rett vestover:
Sjøkøya midtskips klar for sovande frivakt, beste plassen når alt «rør på sej». 3 X 4 timar vakter fungerte bra.
Etter som vi nærma oss Shetland vart det heller vått, Likevel grei seglvind frå sør heile vegen. Følgde trafikken nøye på AIS. ein del båtar, vi måtte leggja om kursen for ein med slep på 6 km. Ein oljerigg kom på VHF og melde om sin eksistens rett i vår kursline. Den viste ikke på hverken elektronisk eller papirkart, men vi hadde fatta mistanke pga støttefartøya rundt. Etter litt omlegging av kurs var det Shetland neste og vi ankom Lerwick etter 32 timar frå norsk kyst. La til i sterk vind og heftige regnbyger. Godt å sova ut godt fortøygd.