4. juli – sørover til Portree

Ååå… sol frå klar himmel i Skottland, og høveleg seglvind – kan ein ha det betre ?? nyt, nyt…20170704-IMG_8275

Opp med segl, la autopiloten ta rorvakta og innta fordekket. Trådlause meldingar til styrmannen i falle seglet skulle koma i vegen for sola. Beste plassen å vera for oss to, berre vellyd frå småbøljene. Kjempefint. Livet er perfekt.20170704-IMG_8284

Og legg ein hovudet bakover ser ein opp på motoren som arbeider utan ein lyd…20170704-IMG_8294

Island of Skye kjem stadig nærare, vi ser fort at denne øya skal det bli kjekt å bli kjent med.20170704-IMG_8288

Så dukkar Old Man of Storr opp. Den har vi tenkt på lenge. Artig å sjå kor den markerar seg i horisonten, og frodig og flott landskap framanfor.20170704-3G1A3249

Det er alltid kjekt på Cirkeline II, men slike dagar krydrar.20170704-IMG_8323

Vi har fått anbefalingar «Spectacular Cliffs from sea» frå ein kjentmann om å gå langs innsida av Skye. Det held så absolutt stikk, vi har ikkje sett maken til basaltsøyler, som liksom ber heile berget over. Og heile småøyer av 5 og 6-kanta trappetrinn.20170704-IMG_8338

Så målet for etappen – hamna i Portree. 20170704-DSC03199

Her som mange andre stader er det lagt ut kvalitetssikra bøyar som det berre er å ta tak i tampen i. Veldig greitt, spesielt når det er mykje vind. Ulempa er om ei treng landstraum og at jollen må vera klar for å ta ein i land. Her hadde dei eiga bryggje for gjestejollane. 10 pund for natta, berre å sleppa 10 pund-seddelen inn i postluka hjå «Harbour Master»20170704-DSC03201

Men i dag var det ikkje vanskeleg å ta seg til lands.20170704-IMG_8379

Portree er ein fargerik og koseleg liten by. Det hadde også landevegsfarande turistar oppdaga. Mange ulike nasjonalitetar i gatene og «fully booked» på på dei mest tiltalande restaurantane. Det samme var tilfelle for leigebilar, men med litt hjelp frå det norske støtteapparatet som hadde betydeleg betre internett, fann me til slutt ein som kunne stilla bil til oss – «can you handle a manual drive» spurde han – og det kunne vi (med el-bil har vi eigentleg ikkje topp trening i dette no)20170704-DSC03188

Så då vart det å velja eit hakk ned på restaurantskalaen. Her kunne vi også få hummar. Forsåvidt ein ny vri for oss dette med grilla hummar med pommes frites og  italiensk salat. Vi feira menyen og sommardagen og tilsagnet om leigebil for to dagar med rose-vin, og reiv til og med i med dessert.20527660_10213850261760017_1342415211_n

3. juli – fugleøyene Shiant Isles

De var sakte framdrift og endelaus stamping i motvind på vegen nord mot Stornoway, men tilsvarande behageleg på turen sørover att. Kurs for fugleøyene Shiant Isles ute i The Minch (megafjord mellom dei ytre og indre hebridane). Frivakta nyt stunda og ser bylivet sine goder forsvinna bak ….20170703-IMG_8035

Shiant Isles har grunne område rundt, med mykje straum og gode fiskeplasser for fuglane. Om ikkje her er eit yrande liv, så er det ikkje mange plassar som kvalifiserar for dette begrepet. Heilt fantastisk å koma innpå å ankra opp mellom razorbills og lundefuglar. Dei held på med sitt og bryr seg lite om båt og oppankring.20170703-3G1A2761

Fugl i lufta, fugl på overflata og fugl under og overalt – ser kaotisk ut for oss utan venger. At dei ikkje kolliderar tenkte vi…20170703-3G1A2775

Og etter innsats for mat til alle må ein kvila.20170703-3G1A2835

Basaltklippar, fugl og sauer. Evolusjonen har tilpassa sauene til det bratte terrenget. Dei har korte bein på eine sida og lange på den andre. Slik går det bra til det er nesten vertikalt, men problemet oppstår når dei må snu. Her har ei basaltsøyle som har kome i vegen..20170703-3G1A2833

I starten hadde vi øyene for oss sjølve, men så kom ei skute med turistar klare for landsetjing, lasta til ripa med guida eventyrarar – opplev på tilmålt tid.20170703-3G1A2840

Ankeret festa seg godt også her (veldig fornøygde med det nye ankeret vårt), og vi tok jollen (Johnny Pip) og beina fatt til ein av lundekoloniane. Ein må ha hjarte av stein om ein ikkje let seg sjarmera av disse.

«Kor va det du kom ifrå sa du ??»20170703-3G1A2922

«Tar sjansen, …trur det er plass til meg og….»20170703-3G1A2923

«Kva hadde du sett sa du ?? ein heil stim med med sandål ?? kvar då ??»20170703-3G1A2934

«Så må ein ta vengene langt bak og strekkja symjeføtene laaangt fram…..»20170703-3G1A2935

«Eg fann dei, det var desse sand-ålane du meinte ??»20170703-3G1A3016

«Heilt frå Norge med den vesle båten der nede ?? koffø da då ??»20170703-IMG_8254

«Helsike, no har eg måtta avbryta landing og overfly tre gonger allereie, no var innflyginga perfekt og dei har ikkje klart å rydda landingsstripa denne gongen heller !!!»20170703-3G1A2901

«Unna veg, eg er i take off…» – ikkje lett for razorbills (og lundefugl) med korte så venger. Fyrst springa det ein maktar, så må alt av vengeflate og flaps må takast i bruk. Fleire gonger kom dei like framfor ansiktet på oss. Vi tenkte dei hadde kontroll, men det er heller usikkert. Randi vart heilt forundra når ein av dei flaug rett på topplanterna i mastetoppen på ein båt ankra opp på sida av oss. Lanterna knakk rett av og både den og den uheldige flygaren gjekk i vatnet. Eg rodde over i jollen og plukka lanterna opp. Eigaren av båten var storleg forundra av eg kom med lanterna hans, han hadde høyrt ein smell, men viste ikkje kva det var. Han vart ille til mote både for den uheldige fuglen og for lanterna som no måtte erstattast for trygg vidare seilas – og så den i mastetoppen av alle ting…..fuglen kvikna til etter det ublide møtet..

20170703-3G1A3231

Me må klyva opp for å få oversikt20170703-IMG_8169

Cirkeline II rett ved sida av holet i fjellet, og Johnny Pip på stranda mellom øyane.20170703-IMG_8147

I ura ligg basaltsøylene strødd til glede for dei som søkjer reirplass.20170703-IMG_8207

Randi finn fotomotiv etter fotomativ – vanskeleg å reisa herfrå….Ser ikke så bratt ut på biletet, men verkelegheita er annaleis.20170703-IMG_8221

Mot kveld er det svermetid:

 

Mange ulike fuglar  her, aller mest razorbills og lundefulgar. Dei held seg gjerne i eigne område – her er det skarvane som vaktar skjæret i innseglinga.20170703-3G1A3041

Så blei det det kveld i paradiset, og med den sjøsetjing av razorbill-ungar. Dette var nytt og artig for oss. Når ungane er sjøsette er det slutt på livet i reiret og dei er klare for havet. I fylgje forskarane på øya blir dei på havet til våren og ny hekketid. Det var utruleg artig å sjå dei små få innføring i symjing og dykking for fyrste gong. Kveld og natt er sjøsettingstid, då er farane som trugar redusert, men foreldra passar grundig på dei små. Par etter par – ein eller to store og ein liten…20170703-3G1A3083

20170703-3G1A3089

20170703-3G1A3159

Dagens siste solstråler lagar kveldsstemning.20170703-3G1A3234

 

1-2. juli, biltur på Lewis

Tid for sightseeing ut frå Stornoway på Lewis. Vi fekk tips av folket på SY Gry om bilutleige. Vi var heldige å få ein med automat-gear, men likevel at er altså alt på motsett side både inni og utanfor bilen. Berre å kasta seg i det..20170701-IMG_7579

Vi hadde fått tips om at det skulle vera folkefest på stranda i vest. Vi var tidleg ute og rigging var i full gang. Her gjer dei klar kai for RIB-turar frå ei fantastisk flott strand. Dette kunne dei.20170701-IMG_7588

Tenk om vatnet hadde rette temperaturen…..20170701-IMG_7597Fiskekaker og burgarar (sikkert også Haggis) var klare, og ein kunne handla både eit og hitt, alt kosta 1 pund pr stk. Og her var karar ein kunne diskutert sauehaldet, veret og klans-saker med med…. Veret var i alle fall framifrå meinte dei (trass byger som truga), så her ville det bli folksamt og moro utover. Men desverre, vi hadde berre i overkant av 1 pund i «hard cash», så trass i iherdig forsøk på å skaffa gangbar mynt måtte vi gi oss på dette og leggja turen vidare. 20170701-IMG_7601

Finn roen, det er vi som har kontrollen her20170701-IMG_7612

Dei kan dette med ull på Hebridane, og eigentleg ganske smart, dei fargelegg likegodt sauen så er det klart for rasjonell produksjon av Harris-tweeden.20170701-IMG_7618

Det er historie overalt. Her standing stones of Callanish, utruleg både i oppsett, størrelse og form på stein.20170701-IMG_7646

Det bles jo litt her og så ly er ettertrakta. Eg har valt meg ut sjefssteinen. Kva hadde dei for seg her ein gong for lenge sidan tru? Tilfeldig oppsette er det i alle fall ikkje..og lang veg er dei frakta.20170701-IMG_7660

Dei har hatt sans for form når dei valde stein…eller er det tidas tann ??20170701-IMG_7710

Vidare til neste, ein broch med etasje på etasje som storfolk budde i. Vindfull stad – kan vi få koma inn? Imponerande med dobbelveggkonstruksjon.20170701-IMG_7738

Litt av eit byggverk, men har vi strekt oss i seinare tid ??20170701-IMG_7751

«Storbonden» har modernisert kleskoden20170701-IMG_7781

Så var de «Black house» som faktisk har våre nytta langt fram mot vår tid. Restaurerte bygg men mange originale like ved sida av. Triveleg i tunet.20170701-IMG_7849

Trass at få ville høyra på, føredreg Eilev grundig om torvskjæring, tørking og bruk av torvbrensle. Synd at mange gjekk glipp av dette framifrå foredraget, det er’kje kvar dag ein har slike tilbod…20170701-IMG_7801

Neste dag Luskentyre beach, vide kjent og ei heilt fantastisk strand. Her er km-vis både sidevegs og utover, utruleg flott.20170702-IMG_7923

Og badetemperaturen ?? 20170702-3G1A2734

Og like etter – Welcome to Scotland !20170702-3G1A2749

Her har vi det igjen, kjempelurt å ha eigen ID på kyrne.20170702-IMG_7887

Etter vellukka venstrekøyreing hadde vi fortent ein bra middag20170701-DSC03176

Dette kan dei her…20170701-DSC03179

Og breiflabb med scallops..20170701-DSC03181

Og endå vi allereie var mette….20170701-DSC03182

 

 

30.juni, Stornoway

Strålande sol og berre velstand her i Stornoway! Skikkelig slaraffendag 🙂20170630-IMG_7479

Me sykla oss ein idyllisk tur i parken rundt slottet deira, og fekk lunsj på kafeen inne.20170630-IMG_7478

Medan andre hadde bryllyps-fotografering både inne og ute . Brura i drivande kvitt og brudgom og andre menn i rutete ullskjørt!20170630-img_7493.jpg

I havna her er det ingen som matar fuglar, men selar derimot… dei får makrell og sild!20170630-IMG_7503

Tre som ventar på tur medan sjefen får eta mesteparten først..20170630-IMG_7510

Her kan dei like gjerne ta ein legg som ei sild…20170630-IMG_7531

Kveld og blikk stille i havna.20170630-IMG_7566Sterke fargar, kompenserar for ein heller stram ariktektur her.20170630-IMG_7568

27-29.juli St Kilda

Vekkarklokka på 0430!! Avrårde kl 0507. Aust-nordaust , perfekt for å segla til st Kilda. Me gjekk først for motor gjennom Drover channel,20170627-IMG_6937

der hadde me selskap av 4-5 delfinar! Dei fylgde oss ein liten time ut mot havet! Vel ute heiste me segl og segla heile vegen i eit strekk. 20170627-IMG_6947

Etter nokon timar letta skodda og me skimtar Hirta til venstre og Boreray til høgre, som til saman med Soay utgjer St kilda.20170627-IMG_7010Ankra opp i Village bay på Hirta etter 12 timars tur.20170627-3G1A2172Stein ruinane som står att her skildrar eit samfunn som fortel om kunnskap og mykje hardt arbeid. 20170627-3G1A2197Uverkeleg og faktisk vera her.20170627-IMG_7061Følelsen og stemninga her er vanskeleg å skildra, berre sauene att av dei som har levd her i 5000 år. Ein eigen rase som berre finnst her.20170627-IMG_7073150 fastbuande her på det meste, dei siste som budde her blei tvangsflytta til fastlandet i 1930-åra.20170627-IMG_7091Her kan me sjå  byen og alle inngjerdingane for grønnsaker og korndyrking. Og alle steinhaugane i fjellsidene er steinhus som vart nytta til lager for alt som skulle lagrast. Det er over 1000 slike lager over heile øya!20170627-IMG_7116

Flott solnedgang i vest- og magisk regnboge i aust! Jammen lever St Kilda opp til forventningane våre!20170627-IMG_7232

Etter ei «voggande» natt våkna me til strålande sol og 150 turistar som vart sett i land frå ein cruicebåt. Det blei heller folksomt på land!! Me var glade for att me hadde vore i land i går. Pga ver og vind måtte me venda nasen mot Hebridane att. Først ein runde rundt Boreray . Lufta var full av suler! 20170628-IMG_7306

Fasinerande fuglaliv her.20170628-IMG_7308

Tenkjer med respekt på dei som har levd her og hausta egg og fuglar frå desse ugjestmilde steinane i havet.20170628-IMG_7383

Smørseglas attende til Sound of Harris i sol og velstand 🙂   Men så sleppte dei vind ut av ein sekk. Det blei mellom 12 og 16 m/s og regn og bøljer . Bøljer og vind midt i mot- straumen med- det gjev heller humpete reis… Eine vind-instrumentet slo seg laus og svinga faretruande att og fram oppi mastetoppen- me frykta det ville sopa med seg alt som er oppi der… Men etter 5 timar kom me oss inn i ei havn og sleppte anker.20170628-IMG_7454

Ny dag og hovedoppgåva i dag er å freista fiksa opp i toppen av masta… på med selar..20170629-IMG_7460Ikkje noko tull med knutane no!20170629-IMG_7465Bøljer innpå her og vindkast på 12-13 m/s. Heller ubekvemt å heisa Eilev opp i masta!20170629-IMG_7468

Men opp kom han og mellom flagene, kor han måtte klamra seg fast , fekk han alt på plass.20170629-IMG_7469

Måtte kvila litt , bestemte oss for att vinden hadde løya litt og gjekk til Stornoway. Blei samme føret som i går- opp og ned i bøljene og sakte fart. Men fram kom me til slutt.20170629-IMG_7476

26.juni Mingulay og Barra.

Vakker dag med nydelig ver og me legg «the small isles» bak oss.20170626-IMG_6886

Turen går sørvest rundt Mingulay- her var eit yrande fuglaliv med suler som stuper i havet som jetfly.20170626-3G1A1966

Ein rasorbill med nebbet fullt!20170626-3G1A2003

Dramatisk landskap på Atlanterhavs-sida av Mingulay.20170626-3G1A2029

Takeoff- alle flappar utstrekt!20170626-3G1A2079

Måtte nett i land på denne fantastiske stranda på «innsida» av Mingulay. Me fortøyde i marinaen i Castlebay på Barra. Der låg det nokon tyskarar som hadde planar om å gå til St Kilda neste morgon- veret var heilt perfekt meinte dei. Me hadde tenkt att det var vanskelig å nå den med eigen båt, men kan dei så kan me…20170626-IMG_6920

25-26.juni Canna

Endelig avgåre igjenn! Restar av uveret med dønningar  og vind frå feil retning vart fort gløymt etter att me landa her på Canna!20170625-IMG_6772

Desse møtte oss, og begrepet «tunellsyn» fekk ei ny tyding!20170625-3G1A1727

Her var det døgnopen sjølvbetjent butikk! 20170625-3G1A1858

Og mykje steinskattar i fjøra… blei vanskelig å velja.20170625-3G1A1762

Highland cattle ser skumle ut , så me var glade for gjerdet mellom oss.20170625-3G1A1834Ei flott gammal kyrkja kor Eilev held dagens tordentale…20170625-IMG_6809Etter den var det tid for å koma seg ut i moderskipet…20170625-3G1A1752

Men her hadde det skjedd ting…20170625-IMG_6843

Vatnet var kome langt inn på land, men presten bretta opp armar og buksebein.20170625-IMG_6846

Å jammen fann han knuten og fekk løyst undervannsfortøyninga vår…20170625-IMG_6857

21-25. juni Tobermory

 

Ein tur inn til Oban med skyssbåt frå marinaen.  Proviantering og så blei det cappuccino medan me venta på skyssbåten attende til marinaen.20170621-DSC03084

 

Sette segl med kurs for Tobermory, men fokka ville ikkje rulla seg skikkelig ut. Tok den ned og freista heisa den att, men fann ut att me måtte sjå på det i havn. Framleis fort og castel på mangen nes..20170621-3G1A1181

Vinden auka på rett før…20170621-3G1A1193

 

.. alle sluser opna seg og me fekk ein skikkelig vask !!20170621-3G1A1186

Fortøyd i havn i fargerike Tobermory.20170621-IMG_6369

På leit etter rette plassen å eta..20170621-IMG_6381

Blei imponert over kyrkja som var gjort om til galleri og latte/prosecco-bar!20170621-IMG_6383

Cafe fish viste seg å servera framifrå sjømat! 20170621-IMG_6392

Valgets kval i nipsekroken med plastik-blomar!20170622-DSC03087

So kom det på rekke og rad…20170622-DSC03090MMMMMMMmmmmm- nydelig 🙂20170622-DSC03092

Fin dag for ein båt-tur… Me forlet Cirkeline II for å gå ombord i Staffa-tours sin bråkebåt..20170622-IMG_6402

DCIM100GOPRO

DCIM100GOPRO

Fyrste stopp er Lunga island- her må alle på land.20170622-IMG_6428

For så å koma tett innpå desse sjarmerande lundefuglane.20170622-IMG_6506

Tolmodige fuglar som held ut alle foto-glade turistar.20170622-3G1A1531

Unna vei , her kjem eg med dagens lunsj til småfuglen i reiret!20170622-3G1A1570

Rasorbill, (alker )med utsikt til alle kantar 🙂 Var kolossalt mangen av dei her.20170622-IMG_6532

Mangen hekkande toppskarvar her og. Dei gav uttrykk for misnøye med alle dei forvitne turistane.20170622-IMG_6545

Neste stopp var Staffa!! 20170622-IMG_6584

Ilandsett og på veg inn i ..20170622-IMG_6630

Finngals cave!20170622-IMG_6638

Berre heilt fantastisk tøfft!DCIM100GOPRO

Magisk stemning inni her!20170622-IMG_6648

Nokon vågar seg lengre inn enn andre..20170622-3G1A1647

Blir like fasinert kvar gong me ser slike steinformasjonar. Etter dette bar det rett heim i CirkelineII.20170622-IMG_6624

 

Så blei det to dagar med gail-warnings og venting. Turar inne i skogen og i byen. Full rulle med vask og rydd inne og ute.  Fokke-tullet fiksa og klart.

Flott turområde her med ein stemningsfull skog og vannliljevatn.20170624-DSC03160

19-20. juni – Ben Nevis, ut av kanalen og vidare til Oban.

Ben Nevis hadde vi hatt i tankane lenge. Dette er det høgaste fjellet på dei Britiske øyar (1344 moh). Meldingane var gode, men om morgonen var det tåke og regn. I tillegg melde Randi sin mobil (med knust skjerm) at no var det jamt slutt. Oki, då var det til doktaren fyrst:20170619-IMG_6300Her møtte me ein ein Indar??, som var oppteken av å fingla med ein GoPro til rep, og utviste total mangel av interesse for nye kundar. Men etter noko pågang tok han til slutt i mot telefonen, utan nokon form for dokumentasjon, og ba oss koma att om 20 minutt… Han viste seg å vera ein redeleg kar, som kunne kunsten å byta til heil skjerm. Suksess og nytt film på skjermen som skulle tåla sleggeslag. No vare vi klare for Ben Nevis.

Trass gode meldingar regna det fortsatt utsøkt vått (varemerke for Skotland). Randi spurde seg føre i infosenteret for Ben Nevis om sjansane for at veret kunne letta. Ho møtte ein ungdom som etter å ha granska henne nøye kom til: «I see you are equipped with good norwegian mountain gear, so may be you could take the chance on trying», deretter gjekk samtala over på norsk. Me fann me ville prøva..

20170619-IMG_6221

Stien var berre heilt imponeande flott:20170619-IMG_6243

Bra sikt eit godt stykke opp, men skodde på toppen. Godt nøygde med innsatsen, 3 timars gange opp:20170619-IMG_6259

Lenger opp kjem ein ikkje på denne øygruppa:20170619-IMG_6261

Og kva er det som gøymer seg i bua på toppen? den skotske nissen? – i så fall var han ikkje heime og hadde rota til fælt20170619-IMG_6267

På nedturen letta skodda meir og meir, og utsynet blei storveges20170619-IMG_6289

Etter test av bremsar nedover frå toppen var det ok med litt steinsett veg. Skikkeleg vegarbeid.20170619-IMG_6292

Neste morgon, tid for å slusa ned, men fyrst måtte vi gje plass til at Greenpeace kunne koma opp. Dei hadde full septiktank og måtte få orden på denne før anna kunne skje. Må ha orden på slike ting …20170620-IMG_6308

Men omsider var det vår tur, og nedover mot vestsida20170620-IMG_6314

Enno litt sjarmøretappe:20170620-IMG_6324

Avslutning på park-opplevinga før saltvatn:20170620-IMG_6330

Vi bestemte oss for å gå til Oban….20170620-IMG_6361

Strøkent på vei utover.20170620-IMG_6348

Stemningar på rekke og rad.20170620-IMG_6354

Skottane har eit bra utval av slott og forsvarsbygg:20170620-3G1A1133

Oban tok vel imot oss:20170620-3G1A1165

17-18. juni – Fort Augustus til Banavie

Fort Augustus (koseleg liten by), 5 trapper opp, framleis ingen tyskarar så me hamna fremst denne gongen også…20170617-IMG_6085

Spectacular waterfalls i alle sluser20170617-IMG_6105

Plutseleg ei ny ei inne i skogen. Me var redde for at dei var til lunsj, men dei utsette lunsjen for å sleppa oss forbi 🙂20170617-IMG_6136

Slaktaren hadde «local made haggis» klar til oss. Her steikt til lunsj, og på trass av at me var skeptiske smaka det godt og mykje betre enn det såg ut til.20170617-IMG_6151

Sterk motvind over Lochy Loch, den held seg stabil i dag også. Masse stakar og bøyar som markerte leia. Meir som eit vatn i Telemark dette.20170617-IMG_6154

Dekoren (Rhododendreon) veks vilt langs leia…20170617-IMG_6160

Båttur i skogen 🙂20170617-IMG_6176

Overnatta i Gairlochy. Tett regnver og beste internett «so far» sette fart på bloggen.20170618-IMG_6186

Geirlochy – venta til slusene opna neste dag.20170618-IMG_6192

Møtte Antonia og Martin frå Østerrike som hadde gått lei bading og soling i middelhavet og var på veg til Norge. 20170618-IMG_6195

Skotsk klassetur på kanalen, blide og fornøygde ungdommar20170618-IMG_6200

Framme i Banavie, fram med syklane og provianteringsrunde20170618-IMG_6209

Neptun Staircase som er trappa ned til saltvatn.20170618-IMG_6210