Fort Augustus (koseleg liten by), 5 trapper opp, framleis ingen tyskarar så me hamna fremst denne gongen også…
Spectacular waterfalls i alle sluser
Plutseleg ei ny ei inne i skogen. Me var redde for at dei var til lunsj, men dei utsette lunsjen for å sleppa oss forbi 🙂
Slaktaren hadde «local made haggis» klar til oss. Her steikt til lunsj, og på trass av at me var skeptiske smaka det godt og mykje betre enn det såg ut til.
Sterk motvind over Lochy Loch, den held seg stabil i dag også. Masse stakar og bøyar som markerte leia. Meir som eit vatn i Telemark dette.
Dekoren (Rhododendreon) veks vilt langs leia…
Båttur i skogen 🙂
Overnatta i Gairlochy. Tett regnver og beste internett «so far» sette fart på bloggen.
Geirlochy – venta til slusene opna neste dag.
Møtte Antonia og Martin frå Østerrike som hadde gått lei bading og soling i middelhavet og var på veg til Norge.
Skotsk klassetur på kanalen, blide og fornøygde ungdommar
Framme i Banavie, fram med syklane og provianteringsrunde
Neptun Staircase som er trappa ned til saltvatn.
Kjempekjekt å følge dere 2⛵️