27-29.juli St Kilda

Vekkarklokka på 0430!! Avrårde kl 0507. Aust-nordaust , perfekt for å segla til st Kilda. Me gjekk først for motor gjennom Drover channel,20170627-IMG_6937

der hadde me selskap av 4-5 delfinar! Dei fylgde oss ein liten time ut mot havet! Vel ute heiste me segl og segla heile vegen i eit strekk. 20170627-IMG_6947

Etter nokon timar letta skodda og me skimtar Hirta til venstre og Boreray til høgre, som til saman med Soay utgjer St kilda.20170627-IMG_7010Ankra opp i Village bay på Hirta etter 12 timars tur.20170627-3G1A2172Stein ruinane som står att her skildrar eit samfunn som fortel om kunnskap og mykje hardt arbeid. 20170627-3G1A2197Uverkeleg og faktisk vera her.20170627-IMG_7061Følelsen og stemninga her er vanskeleg å skildra, berre sauene att av dei som har levd her i 5000 år. Ein eigen rase som berre finnst her.20170627-IMG_7073150 fastbuande her på det meste, dei siste som budde her blei tvangsflytta til fastlandet i 1930-åra.20170627-IMG_7091Her kan me sjå  byen og alle inngjerdingane for grønnsaker og korndyrking. Og alle steinhaugane i fjellsidene er steinhus som vart nytta til lager for alt som skulle lagrast. Det er over 1000 slike lager over heile øya!20170627-IMG_7116

Flott solnedgang i vest- og magisk regnboge i aust! Jammen lever St Kilda opp til forventningane våre!20170627-IMG_7232

Etter ei «voggande» natt våkna me til strålande sol og 150 turistar som vart sett i land frå ein cruicebåt. Det blei heller folksomt på land!! Me var glade for att me hadde vore i land i går. Pga ver og vind måtte me venda nasen mot Hebridane att. Først ein runde rundt Boreray . Lufta var full av suler! 20170628-IMG_7306

Fasinerande fuglaliv her.20170628-IMG_7308

Tenkjer med respekt på dei som har levd her og hausta egg og fuglar frå desse ugjestmilde steinane i havet.20170628-IMG_7383

Smørseglas attende til Sound of Harris i sol og velstand 🙂   Men så sleppte dei vind ut av ein sekk. Det blei mellom 12 og 16 m/s og regn og bøljer . Bøljer og vind midt i mot- straumen med- det gjev heller humpete reis… Eine vind-instrumentet slo seg laus og svinga faretruande att og fram oppi mastetoppen- me frykta det ville sopa med seg alt som er oppi der… Men etter 5 timar kom me oss inn i ei havn og sleppte anker.20170628-IMG_7454

Ny dag og hovedoppgåva i dag er å freista fiksa opp i toppen av masta… på med selar..20170629-IMG_7460Ikkje noko tull med knutane no!20170629-IMG_7465Bøljer innpå her og vindkast på 12-13 m/s. Heller ubekvemt å heisa Eilev opp i masta!20170629-IMG_7468

Men opp kom han og mellom flagene, kor han måtte klamra seg fast , fekk han alt på plass.20170629-IMG_7469

Måtte kvila litt , bestemte oss for att vinden hadde løya litt og gjekk til Stornoway. Blei samme føret som i går- opp og ned i bøljene og sakte fart. Men fram kom me til slutt.20170629-IMG_7476

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s