De var sakte framdrift og endelaus stamping i motvind på vegen nord mot Stornoway, men tilsvarande behageleg på turen sørover att. Kurs for fugleøyene Shiant Isles ute i The Minch (megafjord mellom dei ytre og indre hebridane). Frivakta nyt stunda og ser bylivet sine goder forsvinna bak ….
Shiant Isles har grunne område rundt, med mykje straum og gode fiskeplasser for fuglane. Om ikkje her er eit yrande liv, så er det ikkje mange plassar som kvalifiserar for dette begrepet. Heilt fantastisk å koma innpå å ankra opp mellom razorbills og lundefuglar. Dei held på med sitt og bryr seg lite om båt og oppankring.
Fugl i lufta, fugl på overflata og fugl under og overalt – ser kaotisk ut for oss utan venger. At dei ikkje kolliderar tenkte vi…
Og etter innsats for mat til alle må ein kvila.
Basaltklippar, fugl og sauer. Evolusjonen har tilpassa sauene til det bratte terrenget. Dei har korte bein på eine sida og lange på den andre. Slik går det bra til det er nesten vertikalt, men problemet oppstår når dei må snu. Her har ei basaltsøyle som har kome i vegen..
I starten hadde vi øyene for oss sjølve, men så kom ei skute med turistar klare for landsetjing, lasta til ripa med guida eventyrarar – opplev på tilmålt tid.
Ankeret festa seg godt også her (veldig fornøygde med det nye ankeret vårt), og vi tok jollen (Johnny Pip) og beina fatt til ein av lundekoloniane. Ein må ha hjarte av stein om ein ikkje let seg sjarmera av disse.
«Kor va det du kom ifrå sa du ??»
«Tar sjansen, …trur det er plass til meg og….»
«Kva hadde du sett sa du ?? ein heil stim med med sandål ?? kvar då ??»
«Så må ein ta vengene langt bak og strekkja symjeføtene laaangt fram…..»
«Eg fann dei, det var desse sand-ålane du meinte ??»
«Heilt frå Norge med den vesle båten der nede ?? koffø da då ??»
«Helsike, no har eg måtta avbryta landing og overfly tre gonger allereie, no var innflyginga perfekt og dei har ikkje klart å rydda landingsstripa denne gongen heller !!!»
«Unna veg, eg er i take off…» – ikkje lett for razorbills (og lundefugl) med korte så venger. Fyrst springa det ein maktar, så må alt av vengeflate og flaps må takast i bruk. Fleire gonger kom dei like framfor ansiktet på oss. Vi tenkte dei hadde kontroll, men det er heller usikkert. Randi vart heilt forundra når ein av dei flaug rett på topplanterna i mastetoppen på ein båt ankra opp på sida av oss. Lanterna knakk rett av og både den og den uheldige flygaren gjekk i vatnet. Eg rodde over i jollen og plukka lanterna opp. Eigaren av båten var storleg forundra av eg kom med lanterna hans, han hadde høyrt ein smell, men viste ikkje kva det var. Han vart ille til mote både for den uheldige fuglen og for lanterna som no måtte erstattast for trygg vidare seilas – og så den i mastetoppen av alle ting…..fuglen kvikna til etter det ublide møtet..
Me må klyva opp for å få oversikt
Cirkeline II rett ved sida av holet i fjellet, og Johnny Pip på stranda mellom øyane.
I ura ligg basaltsøylene strødd til glede for dei som søkjer reirplass.
Randi finn fotomotiv etter fotomativ – vanskeleg å reisa herfrå….Ser ikke så bratt ut på biletet, men verkelegheita er annaleis.
Mot kveld er det svermetid:
Mange ulike fuglar her, aller mest razorbills og lundefulgar. Dei held seg gjerne i eigne område – her er det skarvane som vaktar skjæret i innseglinga.
Så blei det det kveld i paradiset, og med den sjøsetjing av razorbill-ungar. Dette var nytt og artig for oss. Når ungane er sjøsette er det slutt på livet i reiret og dei er klare for havet. I fylgje forskarane på øya blir dei på havet til våren og ny hekketid. Det var utruleg artig å sjå dei små få innføring i symjing og dykking for fyrste gong. Kveld og natt er sjøsettingstid, då er farane som trugar redusert, men foreldra passar grundig på dei små. Par etter par – ein eller to store og ein liten…
Dagens siste solstråler lagar kveldsstemning.