4. juli – sørover til Portree

Ååå… sol frå klar himmel i Skottland, og høveleg seglvind – kan ein ha det betre ?? nyt, nyt…20170704-IMG_8275

Opp med segl, la autopiloten ta rorvakta og innta fordekket. Trådlause meldingar til styrmannen i falle seglet skulle koma i vegen for sola. Beste plassen å vera for oss to, berre vellyd frå småbøljene. Kjempefint. Livet er perfekt.20170704-IMG_8284

Og legg ein hovudet bakover ser ein opp på motoren som arbeider utan ein lyd…20170704-IMG_8294

Island of Skye kjem stadig nærare, vi ser fort at denne øya skal det bli kjekt å bli kjent med.20170704-IMG_8288

Så dukkar Old Man of Storr opp. Den har vi tenkt på lenge. Artig å sjå kor den markerar seg i horisonten, og frodig og flott landskap framanfor.20170704-3G1A3249

Det er alltid kjekt på Cirkeline II, men slike dagar krydrar.20170704-IMG_8323

Vi har fått anbefalingar «Spectacular Cliffs from sea» frå ein kjentmann om å gå langs innsida av Skye. Det held så absolutt stikk, vi har ikkje sett maken til basaltsøyler, som liksom ber heile berget over. Og heile småøyer av 5 og 6-kanta trappetrinn.20170704-IMG_8338

Så målet for etappen – hamna i Portree. 20170704-DSC03199

Her som mange andre stader er det lagt ut kvalitetssikra bøyar som det berre er å ta tak i tampen i. Veldig greitt, spesielt når det er mykje vind. Ulempa er om ei treng landstraum og at jollen må vera klar for å ta ein i land. Her hadde dei eiga bryggje for gjestejollane. 10 pund for natta, berre å sleppa 10 pund-seddelen inn i postluka hjå «Harbour Master»20170704-DSC03201

Men i dag var det ikkje vanskeleg å ta seg til lands.20170704-IMG_8379

Portree er ein fargerik og koseleg liten by. Det hadde også landevegsfarande turistar oppdaga. Mange ulike nasjonalitetar i gatene og «fully booked» på på dei mest tiltalande restaurantane. Det samme var tilfelle for leigebilar, men med litt hjelp frå det norske støtteapparatet som hadde betydeleg betre internett, fann me til slutt ein som kunne stilla bil til oss – «can you handle a manual drive» spurde han – og det kunne vi (med el-bil har vi eigentleg ikkje topp trening i dette no)20170704-DSC03188

Så då vart det å velja eit hakk ned på restaurantskalaen. Her kunne vi også få hummar. Forsåvidt ein ny vri for oss dette med grilla hummar med pommes frites og  italiensk salat. Vi feira menyen og sommardagen og tilsagnet om leigebil for to dagar med rose-vin, og reiv til og med i med dessert.20527660_10213850261760017_1342415211_n

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s