Skye er ei naturmessig flott øy. Vi leigde bil for å sjå oss om. Her eit museum av det dei kallar «Black house» som har doble murar med torv/jord mellom og har stråtak med hangande stein for å halda taket på plass. Her har dei nok sprunge frå reidskapen utandørs, men likevel med grøn farge med raude detajar er dei lette å kjenna igjen.
Denne karen hadde arbeid med å gje tonefylgje til eit fint fossefall for dei som stoppa og ville sjå.
Moderat vassføring med fint fall til havnivå. Klippen heiter Kilt Rock.
Som tidlegare nevnt hadde vi lyst til å avleggja The old man of Storr ei vitjing. Det hadde mange andre og viste det seg. Om det var av rein blygskap, eller kva han gøymde seg så godt for veit vi ikkje, med den observante sjåar kan finna to kvite auger omlag midt i biletet og ein noko trist smil like under.
Nærare innpå trer den gamle manen tydelegare fram, tilsynelatande ikkje heilt førebudd på det omfattande fylgjet som kom på besøk. (raud og blå person ved foten)
Ganske flott, og litt i skeive tårn i pisa stil, når vi kom opp.
Oki, ja då gjorde vi som anbefalt då sjølvsagt……
Eg lurte på om «mannen» kanskje kunne dyttast opp i meire rett opp/ned posisjon for å stå størare, men det var vanskeleg å få godt tak, så den fekk stå slik likevel.
Vi fann faktisk ei lite beite som sauene hadde gløymt av.
Flott formasjon – Old man of Storr i midten.
Vi hadde SY Oda i «AIS-kikkerten» og visste at dei var på kanalen i Fort William klare for nedstigning til Atlanteren på veg til Caribien. Sidan vi hadde bil kom vi på at vi ville sjå Liv Marie og Lars vel avgarde. Vi la i veg på ekspress-sight-seeing for felles middag på kvelden. Dei skotske milene var lengre enn vi trudde, men vi fann fram. Sjølv etter Ben Nevis tur var mannskapet absolutt ved godt mot. Liv Marie hadde til og med bursdag. Så vi feira møte-avreise-bursdag med god middag. Veldig kjekt.
Skottland har mange slott og festningsverk. No var det tid for besøk på Dunvegan Castle. Ikkje lov å ta foto innvendig, men her var mykje å sjå som gav ei god innføring korleis ein hadde hatt det gjennom tidene om ein levde på toppen av kransekaka. Klanen bak dette var også dei som hausta av livet på St. Kilda langt i vest.
Ein dose «Welcome to Scotland» i Dunvegan også.
Her har dei samla og bygt etter tur, McLeod-klanen
Så foreløpig farvel til Skye for «crew-shift» i Kyle of Lochalsh.