5 – 7. juli – Skye

Skye er ei naturmessig flott øy. Vi leigde bil for å sjå oss om. Her eit museum av det dei kallar «Black house» som har doble murar med torv/jord mellom og har stråtak med hangande stein for å halda taket på plass. Her har dei nok sprunge frå reidskapen utandørs, men likevel med grøn farge med raude detajar er dei lette å kjenna igjen.20170705-IMG_8387

Denne karen hadde arbeid med å gje tonefylgje til eit fint fossefall for dei som stoppa og ville sjå.20170705-IMG_8390

Moderat vassføring med fint fall til havnivå. Klippen heiter Kilt Rock.20170705-IMG_8391

Som tidlegare nevnt hadde vi lyst til å avleggja The old man of Storr ei vitjing. Det hadde mange andre og viste det seg. Om det var av rein blygskap, eller kva han gøymde seg så godt for veit vi ikkje, med den observante sjåar kan finna to kvite auger omlag midt i biletet og ein noko trist smil like under.20170705-IMG_8397

Nærare innpå trer den gamle manen tydelegare fram, tilsynelatande ikkje heilt førebudd på det omfattande fylgjet som kom på besøk. (raud og blå person ved foten)20170705-IMG_8399

Ganske flott, og litt i skeive tårn i pisa stil, når vi kom opp.20170705-IMG_8413

Oki, ja då gjorde vi som anbefalt då sjølvsagt……20170705-IMG_8437

Eg lurte på om «mannen» kanskje kunne dyttast opp i meire rett opp/ned posisjon for å stå størare, men det var vanskeleg å få godt tak, så den fekk stå slik likevel.20170705-IMG_8441

Vi fann faktisk ei lite beite som sauene hadde gløymt av.20170705-IMG_8447

Flott formasjon – Old man of Storr i midten.20170705-IMG_8453

Vi hadde SY Oda i «AIS-kikkerten» og visste at dei var på kanalen i Fort William klare for nedstigning til Atlanteren på veg til Caribien. Sidan vi hadde bil kom vi på at vi ville sjå Liv Marie og Lars vel avgarde. Vi la i veg på ekspress-sight-seeing for felles middag på kvelden. Dei skotske milene var lengre enn vi trudde, men vi fann fram. Sjølv etter Ben Nevis tur var mannskapet absolutt ved godt mot. Liv Marie hadde til og med bursdag. Så vi feira møte-avreise-bursdag med god middag. Veldig kjekt.

Skottland har mange slott og festningsverk. No var det tid for besøk på Dunvegan Castle. Ikkje lov å ta foto innvendig, men her var mykje å sjå som gav ei god innføring korleis ein hadde hatt det gjennom tidene om ein levde på toppen av kransekaka. Klanen bak dette var også dei som hausta av livet på St. Kilda langt i vest.20170706-IMG_8476

Ein dose «Welcome to Scotland» i Dunvegan også.20170706-IMG_8481

Her har dei samla og bygt etter tur, McLeod-klanen20170706-IMG_8483

 

Så foreløpig farvel til Skye for «crew-shift» i Kyle of Lochalsh.20170707-IMG_8493

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s