Kjerringøy via Karlsøyvær til Vettøysundet

Me starta dagen med ein fottur til Middagshaugen. Fin utsikt ned til Kjerringøy frå toppen.IMG_9906Skuleelevane hadde  hengt opp visdomsord og oppmuntringer undervegs!

Oppe! IMG_4325Vel nede att blei det lunsj med fiskesuppe og pavlova (kake for å feire att vårt barnebarn Vilje har 3 årsdag i dag)på Markens grøde.

Rundtur i museumstunet på Kjerringøy gamle handelsstad.

This slideshow requires JavaScript.

Dagens etappe!img_2691.png

Me starta med å snirkla oss rundt i Karlsøyvær, svært mangen fine viker her, men ikkje lov å gå i land under hekking.3G1A2473

og veldig spennande mønster på berga!3G1A2487

På tide å fiske litt igjen ..IMG_9957

Etter ei lita stund drog eg opp desse 🙂IMG_9961

Torsken blei middag i dag- lyren blir middag i fleire dagar 🙂IMG_9963

Me har ankra opp her i Vettøysundet, tusen takk til » S/Y Timeout» og «S/Y Fjellrypa» som anbefalte oss å ankre her. Detter er eit paradis!IMG_9972Etter middag var det meininga å sjå oss om med motor på jollen…

Går fint å ro 🙂IMG_2688Der var ho sola som ikkje skal gå ned!IMG_9978

Småsurt Bodø til Kjerringøy

Starta dagen med å stå i lang kø for å få kjøpe ferske reker på kaien. Denne dama og hennar noko uvanlige kjæledyr kom i same ærend.IMG_4310

«SY Kraftverk» – trur eg – enormt med solceller, og den den aller, aller største vindgeneratoren me nokon sinne har sett:

IMG_2675

Medan me bunkra fekk me besøk av ein Najad entusiast (SY Timeout  N360). Han hadde henta båten sin i Bergen, og etter att han kom heim att til Bodø har han segla i Norland fylke – i likhet med fleire – her har dei alt ein kan drøyma om!

Dagens etappe- me ville innom å sjå på Mjelle , men ikkje mykje å sjå der i dag.IMG_2683

Vel – kva skal ein sei? Depresjon? Surmuling på høgt nivå? Kl1400 duppen?IMG_2678

(Siste er riktig svar)

Me var innom å kikka på denne eventyr-stranda, Hovsundet Beach. Her kunne me svaia om det var litt lysere i veret…IMG_9895

Diskusjonen i dag har gått på om det er 2  eller 7 grader? Iallfall kan me bli einige om att det er grått…

Då me kom inn i havna på Kjerringøy var det dårlig med plass- men då vinka folka i SY Fjellrypa (ex Constance) oss inn dit dei låg. Dei flytta seg for å gje oss plassen sin!!! og så kom tre hjelpsame kraftkarar på kaien og tok tampar! maken til serviceinnstilling har vi vel aldri opplevd!IMG_9897Me var over til SY Fjellrypa (Jonmeri 40) for å takka dei for generøsiteten – det viste seg at dei hadde lese bloggen vår 🙂 og var fullt oppdatert. Dei har planar om å reise på tur i 2 år så snart corona let dei få lov. Ingen bestemte mål anna enn å vera på tur og ha det fint 🙂 sånn skal det vera, turmål finn ein etterkvart.

3G1A2467

Kjerringøy, kjekt å koma hit – så langt betydeleg kaldere enn sist – men no kjem sommaren 🙂

Grå dag i Bodø

I dag lova dei låge temperaturar regn og vind. Me satsa på sykkeltur  og fottur ( Bremnes – Ausvika) til strendene nord for Bodø.IMG_4288

Me kjøpte med oss enkel lunsj – blei ikkje nokon bading uansett kor flotte strender dei har…IMG_4298

Møtte barnehagen her – dei var storfornøygde med å ha stranda for seg sjølve!IMG_4299

Meir som teletubbies på tur i vind og regn :D. Full rulle på sykkel attende til Cirkeline II – berre innom å handle litt mat. Suverent med varme i båten på slike dagar!! :D.IMG_4303

 

Friskt frå Sørfugløy til Bodø

Sørfugløy er fantastisk triveleg, etter ei tilsynelatande stille natt i havna, løyste me fortøyningar og sette kurs mot Bodø. Rett utanfor havna var det 14-18 m/s vind, noko heilt anna enn inne i havna der det var nesten stille.img_2674.jpg

Etter frisk seilas fann me ein plass innerst i havna i Bodø, og sykla avgårde og henta delen til varmeapparatet. Eilev gjekk i gang med å skru med det samme.

Dei gode utsiktene slo til, no har me varme igjen!!

Medan Eilev skrudde veksla veret mellom regn hagl og sol, ei humle søkte havn i buketten frå Sleneset – drakk all nektar den kunne finne og surra videre med nye krefter 🙂IMG_4277

For å feire fiksa varmeapparat, blei det middag på Ohma etter anbefaling frå Kari Kristine Tombre frå Mundheim! Tusen takk – det var veldig hyggelig og svært velsmakende!

Roen har senka seg for Hardingane innerst i havna i Bodø.

Svartisen til Sørfugløy

Indre lei på dagens etappe (start inn frå venstre i går)img_2670.jpg

Me forlot Helgelandsbukken utan å ha vore opp der.. Mykje snø som må smelta først.3G1A2413

Kunnavalen med strand og hus. Fugløya i bakgrunnen.IMG_9794

Havna på Sørfugløy, Kunna i bakgrunnen. Me tenkte å berre stoppa nokon timar, rekna ikkje med att det var straum her, men det var det, så då blir me ! Godt med vifteovn når varmeapparatet i båten ikkje virkar. Sørfugløy er berre fantastisk flott.IMG_9805

Flott å vandra inne mellom husa på land her. Triveleg, ryddig og velstelt. Folk her kopler frå og kosar seg. 3G1A2425IMG_9816IMG_9817IMG_9879

Alltid fascinert av flotte steinar, her gjeld det å vente på rette øyeblikk..3G1A2436..eit forsøk på å fanga sløra bølgebrus (bildeserie)

This slideshow requires JavaScript.

Som sagt mykje flotte steinar i fjøra, godt dei var for store til å ta med heim (bildeserie)

This slideshow requires JavaScript.

Og der sat jammen Sørfugløy-svinet.3G1A2462

Laaang sandstrand med rullesteiner i eine enden.IMG_9866

Flott badestrand, men feil temperatur i sjøen… Fjellet er ei skikkelig utfordring for klatre-interesserte, klatrefestival her i byrjinga av august kvart år. IMG_9881

Så blei det Cirkeline spesial pizza i dag 😉IMG_4261

Dagens tekniske milepæl – den nye fjernkontrollen til kartplottaren virkar !

Sleneset til Engabreen i Svartisen

I dag var det skodde og lite å sjå når me segla frå Sleneset. Men me hadde vind frå søraust og segla avgårde 🙂 IMG_9508Eilev styrer med sikkert glis og autopilot 🙂IMG_9512

Dagens etappe, det blei mindre og mindre vind inn i fjordane, så då blei det motor.img_2666.jpg

Då er me på nordsida av Polarsirkelen!3G1A2397

Me registrerer att det ikkje er alle prosjekt som er like suksessrike i det lange løp..IMG_9517Endeleg inne ved Engabreen.IMG_9523Me laga oss middag og «fyrte» i peisen (tente alle lys me hadde) For å kompensere for manglende varme i båten.IMG_4258Fram med sykler og inn til breen – jammen kikka sola fram!IMG_9528Her stoppa vegen i dag- eit stort ras sperra for vidare sykling. Men me fann det trygt å gå over.IMG_9532Eit stykke oppi lia ser me heile raset- mange skreløp langs desse fjellsidene.IMG_9544Eventyrlig tøfft å koma så innpå breen.IMG_9552IMG_9601Og alt fjellet som er skurt og forma.IMG_9635IMG_9640IMG_9661IMG_9662IMG_4260

Ein plass i sola:IMG_9690IMG_9712Kissing dolphins 🙂IMG_9728Naturkrefter mot rekkverk…IMG_9735Skogen me sykla gjennom hadde enorme mengder med blømande kvitveis.IMG_9763Nede i Cirkeline Ii igjen IMG_9784Tåkeheimen heiter turisthytta til DNT oppe på Svartisen – den lever ikkje opp til namnet i dag!IMG_9786

Sandnessjøen til Sleneset i Solvær.

Gjekk frå Sandnessjøen – der bles det kvasse kast i havna – men vindene roa seg straks me kom ut. Me legg 7 Søstre og Dønnamannen bak oss bada i sol.IMG_9406

Dagens etappe. Vekslande vind, me segla med kryssfokk.IMG_2645

Når ein vil inn å sjå på dei spennande plassene nyttar det ikkje å sova i timen om ein er navigatør..IMG_9408

Lovund bak og Træna stikk så vidt opp bakerst.IMG_9412

Eg bur oppunder fjell, og jenta hev eg lova eg svik ho ikkje hell…3G1A2332

3G1A2326

3G1A2335

Me såg tre forskjellige ørner på ganske nært hald i dag. Den eine hadde tydelig teke ei kråke, og flaug rundt med den, i håp om å nyta måltidet i fred for maken til den ho hadde teke.

Må stadig sjekka – kva blei det denne gongen mon tru?IMG_2635

Innsegling til Sleneset. Mykje vind då me skulle til kai – eg kan no bli medlem i «hopp for faen» klubben. For hoppa frå baugen det gjorde eg – me la til som eit skuleeksempel 🙂 Her fekk me låna klesvaskemaskin, for ei lukke – då var det å få i gang maskina med ein einaste gong!IMG_9414

Medan kleda vaska seg sjølv, sykla me rundt. Sleneset er ein fantastisk idyll med krikar og krokar, badeviker og alt ein sommaridyll skal ha. God hamn og flotte facilitetar.IMG_2639

BekkeblomIMG_9416

Ein fantastisk innglasa uteplass med ..IMG_9418… denne utsikten her.IMG_9417

På vestsida av øya ligg nyttebåthavna.IMG_2644No vaskar siste maskin på land 🙂 Det blir frå Sleneset med nyvaska sengekle.

Det blei flott himmel her då sola gjekk ned.IMG_9497

Friskt frå Brønnøysund til Sandnessjøen

Fint morgon i dag og, Eilev jobba litt etter frukost. Me var klare til avreise midt på dagen. Bunkra diesel og heiste segl. Vinden kom tvers og litt akter 6-8 ms og me segla strålande. Så auka den til 10-14 ms, då ville Cirkeline inn i vinden og me måttet reva. Me segla mellom 7 og 8+ kn , moro 🙂IMG_9385

Dagens etappe.img_2632.pngEtter kvart fekk me gjensyn med desse 7 søstre. Me har vore å gått på 6 av dei før, hadde tenkt me skulle gå den 7.  (den heilt til høgre i biletet) som heiter Breidtinden, men det er nok for mykje snø.IMG_2630

Kvasstinden- tenk me  har vore der oppe! Kan lova det var bratt både opp og ned!IMG_9393

No har me fått vegetarlasagne til middag, sit inne og høyrer på vinden som verkeleg har fått det for seg å ruska med alle i havna her i Sandnessjøen. Varmaren har streika – på jakt etter ny viftemotor – varme må me ha.

Sommar i Brønnøysund!

Flott å våkna til 16 grader sol og stille! Nyt frukost ute 🙂IMG_9348I dag blei det storrydding og vask av båt inne og ute- ullkle og andre kle. Må vaske kle i bøtter- alle servicerom er stengt pga. korona. Til og med jollen blei som ny!IMG_9354Eilev fekk besøk av tre gutar som hadde kjøpt seg fiskestang- men ikkje heilt visste korleis eller kva med den. Så her lærer han frå seg fiskeknutar på arabisk.IMG_4239Og jammen fekk dei fisk! Tre stolte gutar vandra heim med fire fiskar etter ei stund!IMG_4241Mykje god underholdning  i havna her, sterkt innslag av lokal 9,9 hestar armadaen. dei bada og spela musikk høgt! ein hadde montert forsterker og høgtalarar i båten!IMG_9360Me fekk kjøpa freske lokale reker på kaien i dag! IMG_4246Etter middag blei det sykkeltur og ein fjelltur . Me møtte desse – nett sett ut som  kulturlandskapsarbeidarar 🙂IMG_9363Rester etter kanonstilling frå 2. verdenskrig. Vega i bakgrunnen.IMG_9364Oppe på toppen på Tilremshatten.IMG_9378Utsikt ned mot Brønnøysund.IMG_9379Då er det berre å koma seg ned att til jordbær i båten 🙂IMG_4252

Solsemvågen til Brønnøysund.

I dag starta me med sykkel og fjelltur på Leka , kan varmt anbefalast!IMG_9313

Turen til Kolsettuva starta i fin bjørkeskog.img_9314.jpg

Blei etter kvart eit heilt spesielt landskap- minner om UtahIMG_9323IMG_9326

Utsikten ned på vestsida blei fantastisk, så flotte fargar i bergartene her.IMG_9336

På toppen-utsikt mot sør.IMG_9333

Langt nedi der ligg Cirkeline II (liten prikk i vågen der veien går ned)IMG_9338IMG_4233

Herlig med sykkel ned til båten att!

Så var det siste etappe ut i båten 🙂IMG_9343Dagens etappe.img_2625v.png

 

Vestsida av Leka.

Blei middag undervegs i dag. Pannekaker med steikte grønnsaker 🙂IMG_4234

Er det isfjell? Eller den berømmelige iskanten som er så mykje omdiskutert?3G1A2283

Kan så vidt sjå holet i Torghatten, var fin sol då me fortøyde her i Brønnøysund, blei etterkvart fargerik solnedgang.