Etter ei vindfull natt i svei på sving, starta dagen med lett regn. Men sola kom så snart me kom oss ut. Dagens etappe ser slik ut:
Nok ein flott dag med fasinerande lysskiftingar i eit allereie fasinerande landskap!
Kinn lengst inord.
Sol hjå oss og regn rett sør!
Alden, Bulandet og Værøy.
Kinn i sør.
Kvannhovden fyr- Batalden bakom.
Like før me kom inn til Kalvåg trudde me at det skein fin sol på monster reinsdyrhorn men det var vindmøllene – er jo eit spørsmål om kor vidt dei er like fine i fjellet…
Nett når me skulle gå til kai i Kalvåg bles det hundar og katter og hagla som fy – rett etter me var ferdig fortøyd kom sola og det vart heilt stille – heller dårlig timing på den tillegginga.
Godt å koma inn i varmen til god middag og trygt fortøyd.