Starta dagen med ein liten tur i snøvær på stranda i Selje, her er det vakkert!Ei imponerande rekkje med naust rundt neset ved kyrkja.
Selje er absolutt verdt eit besøk, og får no veldig fine nye brygger i hamna.
Etter grundig lesing av alle sortar værvarsel, bestemte me oss for å freista å gå over Stadt. To til tre meter signifikant og 8-10 m/s var varselet. Bølgevarselet innfridde og vinden blei i overkant. Dette blei ein heller skumpete tur. Eg hadde scopolaminplaster (som gjekk ut på dato i 2004) bak øyra. Var i fin form til rett etter Bukketjuvane, her heiste me fokka og farten blei betre og båten for såvidt stødigere, men me fekk kryssende bølger og det blei berre rot i sjøen, reine berg og dalbanen ein gong herifra og ein gong derifrå, så då måtte eg kvila litt eg… Eilev derimot klarte seg utmerka!
Nærare Fosnavåg blei sjøen meir som jevn havsjø:
Ser ut som me berre hoppa lett over Stadt på AIS, som om tunellen allereie fanns..
Kom oss i havn her i Fosnavåg etter ca. 5-6 timar.
Me har baka brød i dag- smakte fortreffelig med nystekt brød der ute i bølgene! Og så unte me oss ein heller betre middag med god vin til- etterpå flata me ut og måtte sova middag..