Starta dagen med å måka snø av Cirkeline II, kan lova dykk att me glade for at me har varme ombord!
Då me passerte Runde registrerte me at der hadde snøbygene vore svært lokale…
Her er dagens rute frå Fosnavåg til Midsund.
Store bølger og vær som veksla mellom sol og voldsomme hagl- og snø-byger.
Stadig skiftande stemningar
Då me kom inn i Midfjorden blei det stille og nydelig sol i fleire timar, og snøen tina på dekk.
Me passerte ein ivrig roar i Midfjorden, Eilev møtte han att her inne i Midsund. Han fortel att han er på veg å ro frå Kristiansand til Nordkapp. Han starta i mars og har fått med seg mykje ver på turen, passerte Stadt i 3 m sjø han og!! Om du har lyst å følgje strabasene hans så legg han ut frå turen på Facebook: Bjarte Vestøl.
Flott oselvar laga på Fitjar, rigga for segling og har det han treng ombord. Om natta er det telt på land.
Nydelig på havna her i Midsund. Fin stad å besøkja.
Me laga oss middag før fottur opp Midsundtreppene. I dag blei det vegansk, pasta og steikte grønnsaker, sunt og godt.
Me kledde oss for all slag vær og fann vegen opp mot Digergubben. Men me fann det likevel tryggast å snu rett under toppen, då skodde og snøbyger slo til der og, hadde ikkje vore sikt der uansett. Vel nede att så skein sola litt på oss igjen (rullande bildesekvens)
Då var de vel over Hustadvika. For håpa sjøen ikkje var lika rusken som då de passerte Stadt. Kos dåke i Kristiansund! Og god seilas vidare. Trondheimsleia, som eg antar blir neste etappe, huskar eg som lang og dryg. Med UVB gjekk me med 8,7 knop. Men de har då god tid.😉
Ja, vel framme i Kristiansund. Hustadvika hadde også mykje ver å by på. Me gjekk langt ute og fekk tung havsjø, bra med vind og ny rekord i snøver – rimeleg tett. Bra å ha aktiv radartransponder og AIS. Flott at du held kontroll på oss 🙂