Me såg denne skylina på veg inn til Mausund i går- trudde først det var The big Apple- men så er det jo Gjæslingen. Me må ut der å sjå. Det bur ein mann der ute aleine heile året – men får nok naboar i den varmare delen av året.
Me såg ein mann mellom husa- men fekk ikkje festa han på biletet.
Då me var so nære var han vekk.
Trur dette må vera hurtigbåt anløpet hans.
Innover mot land møtte denne monsterblekkspruten av eit lakseoppdrett synet – og i fjella bakom monstermøller til å gje han kraft? Sterke kontraster.
Her er dagens etappe
Eilev stilte med tre lag ull idag- det gjorde susen.
Me har segla i heile dag- vekslande vind men svært behagelig.
Saueøya- her er det mengder med bolter å fortøye i gjennom heile sundet- og jammen var det ikkje ei dame som vinkna alt ho kunne til oss – hadde nok lyst på kaffibesøk, ikkje mange folk i husa her enno.
Ikke lett å vera naust å stå på eigne bein her ute i havet.
Inn for landing..(bildeserie)
Lovnad om fargerike dagar og varme frammi der?
Endelig i havn- me har gledd oss til krepsehaler i heile dag, dei innfridde – rein luksus!