Eg berre seier: Sjå på dette!
Dagens etappe.
Flotte berg langs leia.
Tilsynelatande tilfeldig plassert i mengder…
To hus tett i tett – åleine mot havet.
Utsikten frå..
solkroken heile dagen lang!!
Skiftande ute i havet, av og til ei lita byge inn til oss
som lagar flotte regnbogar med lovnad om att alt blir bra! 🙂
Etter ca 50 nm med segling heile dagen for babord halser og utan segl-skift, er me fortøyd her på Sør-Gjæslingan – smørseglas heile dagen til ende. Fint her men flytebryggja manglar gangveg til land – tidleg på sesongen enno – vi finn vel ei råd.
Middag i dag vart resten av sjøkrepsen med risotto og steikte grønnsaker. Bedre blir det ikkje.
For en fantastisk seilas – bare å nyte ⛵️🇳🇴👏🌺
Dette så skikkeleg digg ut⛵️💛⛵️💛