Fint morgon i dag og, Eilev jobba litt etter frukost. Me var klare til avreise midt på dagen. Bunkra diesel og heiste segl. Vinden kom tvers og litt akter 6-8 ms og me segla strålande. Så auka den til 10-14 ms, då ville Cirkeline inn i vinden og me måttet reva. Me segla mellom 7 og 8+ kn , moro 🙂
Dagens etappe.Etter kvart fekk me gjensyn med desse 7 søstre. Me har vore å gått på 6 av dei før, hadde tenkt me skulle gå den 7. (den heilt til høgre i biletet) som heiter Breidtinden, men det er nok for mykje snø.
Kvasstinden- tenk me har vore der oppe! Kan lova det var bratt både opp og ned!
No har me fått vegetarlasagne til middag, sit inne og høyrer på vinden som verkeleg har fått det for seg å ruska med alle i havna her i Sandnessjøen. Varmaren har streika – på jakt etter ny viftemotor – varme må me ha.
Tenkte det blei ein skarp sigleetappe då me såg vermeldinga for i går👍🏻
Varme må de nok ha. God tur vidare. Eg følgjer med😁
Då tenkte du heilt rett 😁. Ja varme er eit must, vi må finna ei løysing for ny varmluftvifte i morgon. No skin sola 😊
Skal det innom Bodø? Har Kari Kristine der enda😊
Hei 😊
Ja det skal me! Kor jobbar ho? Det er ho som er kokk sant? Kan de anbefale å eta der?
Ho er kokk,men går på skule i Bodø. Ho kan sikkert anbefale ein plass. Er fleire gode langs kaia i sentrum som me har prøvd. Skal høyre med ho.😊
Ho anbefaler Hundholmen som har ølbryggeri også, Omha om det likar sushi og Bryggerikaia som ligger rett ved siden av gjestehavna. Kva tid er det der?
Me veit ik heilt det, men me treng ein reservedel. Så det blir innan nokre dagar. Takk for gode anbefalinger! 👍⛵️