Friskt frå Brønnøysund til Sandnessjøen

Fint morgon i dag og, Eilev jobba litt etter frukost. Me var klare til avreise midt på dagen. Bunkra diesel og heiste segl. Vinden kom tvers og litt akter 6-8 ms og me segla strålande. Så auka den til 10-14 ms, då ville Cirkeline inn i vinden og me måttet reva. Me segla mellom 7 og 8+ kn , moro 🙂IMG_9385

Dagens etappe.img_2632.pngEtter kvart fekk me gjensyn med desse 7 søstre. Me har vore å gått på 6 av dei før, hadde tenkt me skulle gå den 7.  (den heilt til høgre i biletet) som heiter Breidtinden, men det er nok for mykje snø.IMG_2630

Kvasstinden- tenk me  har vore der oppe! Kan lova det var bratt både opp og ned!IMG_9393

No har me fått vegetarlasagne til middag, sit inne og høyrer på vinden som verkeleg har fått det for seg å ruska med alle i havna her i Sandnessjøen. Varmaren har streika – på jakt etter ny viftemotor – varme må me ha.

7 thoughts on “Friskt frå Brønnøysund til Sandnessjøen

  1. Tenkte det blei ein skarp sigleetappe då me såg vermeldinga for i går👍🏻
    Varme må de nok ha. God tur vidare. Eg følgjer med😁

      • Ho er kokk,men går på skule i Bodø. Ho kan sikkert anbefale ein plass. Er fleire gode langs kaia i sentrum som me har prøvd. Skal høyre med ho.😊

  2. Ho anbefaler Hundholmen som har ølbryggeri også, Omha om det likar sushi og Bryggerikaia som ligger rett ved siden av gjestehavna. Kva tid er det der?

Legg att svar til Reidun Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s