Sandnessjøen til Sleneset i Solvær.

Gjekk frå Sandnessjøen – der bles det kvasse kast i havna – men vindene roa seg straks me kom ut. Me legg 7 Søstre og Dønnamannen bak oss bada i sol.IMG_9406

Dagens etappe. Vekslande vind, me segla med kryssfokk.IMG_2645

Når ein vil inn å sjå på dei spennande plassene nyttar det ikkje å sova i timen om ein er navigatør..IMG_9408

Lovund bak og Træna stikk så vidt opp bakerst.IMG_9412

Eg bur oppunder fjell, og jenta hev eg lova eg svik ho ikkje hell…3G1A2332

3G1A2326

3G1A2335

Me såg tre forskjellige ørner på ganske nært hald i dag. Den eine hadde tydelig teke ei kråke, og flaug rundt med den, i håp om å nyta måltidet i fred for maken til den ho hadde teke.

Må stadig sjekka – kva blei det denne gongen mon tru?IMG_2635

Innsegling til Sleneset. Mykje vind då me skulle til kai – eg kan no bli medlem i «hopp for faen» klubben. For hoppa frå baugen det gjorde eg – me la til som eit skuleeksempel 🙂 Her fekk me låna klesvaskemaskin, for ei lukke – då var det å få i gang maskina med ein einaste gong!IMG_9414

Medan kleda vaska seg sjølv, sykla me rundt. Sleneset er ein fantastisk idyll med krikar og krokar, badeviker og alt ein sommaridyll skal ha. God hamn og flotte facilitetar.IMG_2639

BekkeblomIMG_9416

Ein fantastisk innglasa uteplass med ..IMG_9418… denne utsikten her.IMG_9417

På vestsida av øya ligg nyttebåthavna.IMG_2644No vaskar siste maskin på land 🙂 Det blir frå Sleneset med nyvaska sengekle.

Det blei flott himmel her då sola gjekk ned.IMG_9497

6 thoughts on “Sandnessjøen til Sleneset i Solvær.

  1. Artig å følgja dåke nordover den fantastiske Helgelandskysten. Men overraska over at de allerede har passert Polarsirkelen. Ikkje lenge til de høyrer støyen av F16 aktiviteten rundt Bodø. ;-)) Ut fra AIS tracket går eg ut frå at de har gått mykje i trapper i dag. Og då meiner eg ikkje laksetrapper, men snarere rallartrapper.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s