Småsurt Bodø til Kjerringøy

Starta dagen med å stå i lang kø for å få kjøpe ferske reker på kaien. Denne dama og hennar noko uvanlige kjæledyr kom i same ærend.IMG_4310

«SY Kraftverk» – trur eg – enormt med solceller, og den den aller, aller største vindgeneratoren me nokon sinne har sett:

IMG_2675

Medan me bunkra fekk me besøk av ein Najad entusiast (SY Timeout  N360). Han hadde henta båten sin i Bergen, og etter att han kom heim att til Bodø har han segla i Norland fylke – i likhet med fleire – her har dei alt ein kan drøyma om!

Dagens etappe- me ville innom å sjå på Mjelle , men ikkje mykje å sjå der i dag.IMG_2683

Vel – kva skal ein sei? Depresjon? Surmuling på høgt nivå? Kl1400 duppen?IMG_2678

(Siste er riktig svar)

Me var innom å kikka på denne eventyr-stranda, Hovsundet Beach. Her kunne me svaia om det var litt lysere i veret…IMG_9895

Diskusjonen i dag har gått på om det er 2  eller 7 grader? Iallfall kan me bli einige om att det er grått…

Då me kom inn i havna på Kjerringøy var det dårlig med plass- men då vinka folka i SY Fjellrypa (ex Constance) oss inn dit dei låg. Dei flytta seg for å gje oss plassen sin!!! og så kom tre hjelpsame kraftkarar på kaien og tok tampar! maken til serviceinnstilling har vi vel aldri opplevd!IMG_9897Me var over til SY Fjellrypa (Jonmeri 40) for å takka dei for generøsiteten – det viste seg at dei hadde lese bloggen vår 🙂 og var fullt oppdatert. Dei har planar om å reise på tur i 2 år så snart corona let dei få lov. Ingen bestemte mål anna enn å vera på tur og ha det fint 🙂 sånn skal det vera, turmål finn ein etterkvart.

3G1A2467

Kjerringøy, kjekt å koma hit – så langt betydeleg kaldere enn sist – men no kjem sommaren 🙂

2 thoughts on “Småsurt Bodø til Kjerringøy

  1. Konstaterer at vinden i Bodø ikkje har løya i løpet av dei 30 åra som har gått sidan me flytta derifrå. Ikkje rart at eg fekk aerodynamisk kroppsform etter å ha kjempa i motvind gjennom 3 år. 😂 Nyt Kjerringøy. Nord Norge er eit døme på at Vår Herre ikkje var heilt heldig då han fordelte sandstrendene på kloden. For makan til sløsing det er å plassera fantastiske sandstrender der badetemperaturen sjeldan vert høgare enn 10 grader, skal ein leita lenge etter. 👍 God seilas vidare!

    • Hei, artig kommentar :-). Her er det meste av flotte opplevingar for oss farande fantar, men akkurat badetemperaturen er ikkje heilt på plass. Vind derimot er bra med, og det er fint når den bles dit vi skal. Så langt mykje sønnavind og det passar fint.

Legg att svar til Cirkeline2 Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s