Endå ein dag på Senja-ekspedisjon.

I dag har me køyrt rundt og sett på kor fint det er her, mange foto-stopp og mange bilete! Her er nokon av dei.IMG_1569IMG_1572IMG_1577IMG_1592

Fiskeflåten i Senjahopen IMG_1600

Lunsj stopp på Ersfjordstranda.IMG_1606

Her kor dei har «gulldassen» til 3,6 mill. Me fekk nytta fasilitetene – vidunderlig følelse med gullavtrede, tøft med glasstaket!IMG_1609

Neste stopp Tungeneset- her har dei milliondassen, fekk ikkje nytta fasilitetene her..IMG_1713

..men Eilev fekk buldra seg litt medan eg fotograferte, mykje flott herIMG_1639IMG_1707

Okstindan i bakgrunnen.IMG_1646

Ein delfin?IMG_1625

Mange vannbasseng i fjellformasjonane, alle med ulikt innhald

IMG_1653

Ein dam med anemoner.IMG_1680

Kyssemunn midt på berget!IMG_1684

Neste stopp – restauranten i Hamn, i dag vart det kaffi og gulrotkake 🙂IMG_2904

Etter sukkerinntaket måtte me ut å gå – opp på Sukkertoppen!IMG_1717

Eventyrlig vakkert område for  padling her. Husfjellet (der me var i går) i bakgrunnen.IMG_1722

Bratt opp siste delen, men god sti.IMG_1726

Oppe!IMG_1732

Juhu! Klarte det eg og!IMG_1735

Like bratt nedatt!IMG_1750

Sirkla ei ørn over og under oss på veg ned 🙂IMG_1754

No attende i Cirkeline II , har rydda ut av bilen og skal levere den inn att i morgon.

Fottur til Husfjellet

Nok ein perfekt dag i sola. Me går til Husfjellet, litt oppe i lia blir det flott utsikt mot Hamn og padle-eldoradoet utanfor.IMG_1464

Varm dag,  floger og klegg som drit i covid 19 og elgar seg innpå. Eilev har laga seg hatt for å prøva å gøyma seg for dei..IMG_1466

Eggen opp mot toppen, ein svært vakker fjelltur i dag.IMG_1468

Toppen av Husfjellet og Okstindan ute på neset.IMG_1474

Utsikta blir flottare for kvar høydemeter.IMG_1475

På toppen! Me møtte to hyggelige jenter frå Senja som delte opplevinga med oss 🙂IMG_1481

Toppen frå andre sida, ser nesten ut som ei mini SvolvergeitIMG_1497

Vegen går ned att…IMG_1503

..til Bøstranda. Her er det vakkert men..IMG_1520

..forferdelig kaldt i sjøen. Det blei med  vassing.IMG_1525

BøsandenIMG_1536

BøsandenIMG_1541

På returen kom me her kor alle purler har slått seg til, og…IMG_1547

….jammen hadde dei slik fyllestasjon som på kaien i Grimo i gamle dagar!IMG_1550

Mange fiskevatn og elver, me freista fiskelykka i ei elv. Men dette kan me visst ikkje, ingen aurar beit på, det blei med kaste-trening og det einaste me fekk var ei bjørk. Me trudde den blei seig på steikepanna så me sleppe ho fri.IMG_1553

Midt på fjellet fann desse reinane på att no skulle dei over vegen med ein gong..IMG_1565

Me fekk grilla tørrfisk til middag på Senjastuene i dag, eit utmerka val 🙂 og sola skin 🙂IMG_1545

Fottur til Segla og Hesten

Dagen starta med lågt skydekke. Vakkert her på Senja uansett.IMG_1314

Dagens mål; Segla med Hesten i bakgrunnen.IMG_1317

For å sei det slik, her har det gått nokon før oss..IMG_1318

Halvegs oppe på Segla. Skodda heng ned over fjelltoppane enno, Barden i bakgrunnen.IMG_1320

Gjenstår ein bratt etappe opp til toppen.IMG_1321IMG_1323

Vel oppe, svært luftig ned, litt låg skodde, men det var klart ned så det kjentes i magen når me kikka over den vertikale kanten …

Etter ein tur gjennom skogen ser me andre sida av Segla på veg opp til HestenIMG_1381

No skin sola og det er berre velstand. Senjahopen i bakgrunnen.IMG_1388

Tenk der borte på tuppen var me!IMG_4629

Vel verd alle slag sefier!IMG_1398

Utsikt mot Kongane.IMG_1397

Me gjekk ned att på eggen mellom Segla og Hesten.IMG_1408

Sette meg på trollet for å ta bilete, det sa ikkje ordet.IMG_2898

Luftig utover heile vegen, me ser tilbake opp mot Hesten.IMG_1420

Her oppe var me altså!IMG_1426

Skikkelig imponerande fjell!IMG_1431

Rett i bilen og mot Hamn, kom forbi dette «magasuget», flotte fjell over alt!IMG_1443

Vel i «Hamn», her håpar me på å få litt mat.IMG_1455

Mykje godt her, Eilev får boknafisk og eg ravioli med klippfisk.IMG_1458

Vakkert her i Hamn i dag. IMG_1460

Sight-seeing med bil dag 1

Cirkeline II fortøyd i Finnsnes, me leiger bil og dreg avgårde for å oppdage Senja på land.IMG_4614

Sidan veret ikkje heilt høver til fjelltur i dag starta me med sør enden av øya. Vennleg og mjukt landskap. IMG_4604

Skal ha god fantasi for å sjå korleis dei har det her…

Snø og grøne bjørker (går ut ifrå att dei ikkje orkar venta lenger på snøsmeltinga og berre byrjar på våren) på ein høgde over til Sildfjorden, ikkje meir enn 300 moh og her er masse snø att eno.

IMG_4609

N for navigasjon

IMG_2885

Frå Frovåg til Finnsnes

Dagens etappe – riktig nok utan den shortcutten over land, me fylgde sjøvegen rundt 🙂IMG_2876

Etappen starta heller humpete.. Etter ei stund kom det mykje vind og me kunne legge kursen mot aust, me segla med delvis innrulla fokk og gjorde mellom 6 og 8 knop.

Sola kikka på oss og rullinga gav seg litt- livet blei søvnigt og eg fekk kvila litt 🙂IMG_2873

Vel fortøyd i Gisund båthavn på Finnsnes, her er det vatn og straum på kaien, vaskemaskiner på land og berre velstand. Etterlengta vask av båt, kle og mannskap! 🙂IMG_4582

Velfortjent middag med focaccia og blomkålsuppe laga ombord 🙂 IMG_4583

Whale watch frå Andenes via Gryllefjord til Frovågen

I dag har me stirra etter kval heile dagen- heilt resultatlaust..IMG_1295

Gjekk inn her i Gryllefjord for å bunkra diesel frå kai, men det var det slutt på, så då blei det kannebæring slik at me kom oss vidare.IMG_1297

På veg ut att frå Gryllefjord, går du over eidet her kjem du til Sandsvika, veglaust surfers paradise.IMG_1299

Blankt på sjøen inn til EiepollenIMG_1312

Ternene fekk det travelt med å stupa etter brisling, me håpa det skulle koma opp kval som jaga, men den gong ei..3G1A2801

No ligg me på svai under desse taggete fjella i Frovågen.3G1A2806

Andenes

Eilev starta dagen med skypemøte.  Denne fiskebåten har tydelig starta dagen med ein god jobb! Mange som vil ha del i utbyttet!3G1A2788

Etter lunsj tok me ein sykkeltur til Bleik. Sykla strandvegen, fekk auga på denne – alternativ regnsamlar!IMG_1262

Sikten er så som så…IMG_1265

..men fin temperatur og flate vegen.IMG_1267

Ute på Bleik letta skodda sakte men sikkert.IMG_1271

Sykla ut på moloen , og det blei retteleg fint!IMG_2856

Litt etter litt kom Bleikøya til syne også.IMG_1275IMG_1288IMG_1290

Då me kom attende til Andenes var det framleis grått.IMG_1292

Etterkvart blei det lettare nede, men tåkeskyer så me ser ikkje midnattsola.IMG_1294

Stor hjelpsomhet og fleire trivelige besøk i båten i kveld. Ein kaptein som kjende godt til Fjellstrand og Brødrene Aa, og eit par i ein anna båt her. Dei hadde gode tips til korleis oppleve Senja.

Nyksund til Andenes

Dagen i dag starta med litt skyer som de ser,IMG_1256

Eilev har opplevd verre skyer enn dette og det har gått bra seier han.IMG_1251

Dagens etappe, motvind og til tider mykje stamping… men me klagar ikkje det har vore flott i dag og!img_2853.jpg

Bleikøya- her koker det med sjøfugl og det sirkler ørner over dei… 3G1A2784

Like moro å sjå på lundefuglane kvar gong me møter dei.3G1A27253G1A27523G1A2741

Utsikt mot sør på veg inn i havna på Andenes. IMG_1260

Ikkje så lett å finna kaiplass, men ein hyggelig kar på kaia ringde havnesjefen og tok oss med i bilen og viste oss ein perfekt plass med lite vind og sol i cockpit. Me fekk og orientering om kvar me kun få alt me trong – kjekt å bli mottekne slik.

Me fann til slutt ein open restaurant , som heiter Arresten , på land her (dei fleste har stengt på mandag), her fekk me prosecco….IMG_4567

… og husets opp ned bacalao.IMG_4568

 

 

Frå Vinjesjøen Bø i Vesterålen til Nyksund

Nok ein urealistisk vakker og varm dag!  Dagens etappe ser slik ut. Me har snirkla oss innom både her og der og sett korleis dei har det i finaveret.img_2848.jpg

Første var Gaukvær.IMG_1198

Her har det budd 300 stk fast! Skulen var under to steinar!! 30 elevar!3G1A2678

Møysalen i det fjerne- mykje snø der enno.3G1A2679

Skarv.3G1A2685

Fjellside full av jonsokblomst.3G1A2692

Det kokte av alker og lundefugl i sjøen- men dei har nokon å passe seg for..3G1A2689

..me såg i alt 10 forskjellige ørner i eit lite område kor alker og lundefugl hekkar. Her 5 stk på ein gong!3G1A2699

Me var innom ein stad som heiter Tind, ein tidlegare viktig handelsstad som er i ferd med å bli restaurert – ingen bilvei hit.IMG_1211

IMG_1212

Innsegling til Nyksund-me kom 5 min for seint til å få mat på Ekspedisjonen.IMG_1215

Så då blei det fiskegryte frå eiga bysse. Slett ikkje dårlig skal eg sei deg 🙂IMG_4554

Me gjekk ein runde på land – litt kaotisk – noko er heilt nytt, men også mykje som det hastar med at nokon tek tak i…IMG_1239

Her ligg Cirkeline II på den eine gjesteplassen dei har.IMG_1224

Ramberg til Vinjesjøen i Bø

Dagens etappe. IMG_2844

Blei ein nydelig dag å kryssa over frå Lofoten til Vesterålen i dag. Me gjekk for motor sidan vinden kom midt imot, men me hadde sol inn i cockpit og blei nok litt svidd i kanten…IMG_1145

Stoppa for å freista fiskelukka på ein merka fiskeplass, me sleppe snøre uti begge to og fekk begge fisk med ein gong! Middag sikra!IMG_1148

To sekund så var måsene  på plass, dei ville ha sin del av fangsten!IMG_1159

Vel i havn her møtte me igjen nokon av bubilturistane frå Harstad, det var koseleg 🙂IMG_1167

Sommar i Vesterålen med 20 grader og blikkstille kveld!IMG_1169

Kulturlandskap Nordland har mange kunstverk ute i landskapet, Mannen frå havet står her.IMG_1173IMG_1190