Me starta dagen med fjelltur til Trohornet, perfekt fjellver med overskya og stille ver. Sykla først 5 km til starten av turen, einaste motbakken var over brua.Starten av turen var gjennom vakker bjørkeskog.
Over den ryggen går Dronningruta. Me tenkte å gå den turen først, men trur denne er eit betre valg 🙂
Første topp er Klekkstinden
Kjempeflott sti heile vegen.
Tilbakeblikk mot Leirvikbogen.
Topp nr 2 Nonstinden.
Lofotveggen har mykje snø enno..
Spektakuler utsikt på heile turen.Toppen av Trohornet 🙂
Med slik utsikt skal nista smaka godt endå brødet er tre dagar gammalt 🙂
Så går turen nedatt.
Her skal ein Vera varsom med å runda hjørnet…
Me forlet Leirvikbogen- mykje fjell me har tilgode her 🙂
Etappen i dag til Brunvær
Trohornet frå andre sida – det er fjellet i midten
Brunes
På svai ved Brunes
Litt middagsrester – så ut og padla. Fullt fokus – ikkje dette uti no…
Vinden auka på- me padla i motvind med 10 m/s attende til båten. Det kan eg sei deg gjekk ikkje så fort… men god trim er det jo 🙂