Sol frå skyfri himmel! Frukost ute 🙂 Handledag – her har dei både Biltema, Clas Olson, Vinmonopol og dagligvarer! Kva meir kan ein ynskja seg?
Etter lunsj blei det sykkel/fottur til Blåtind, batt li opp men utsikten blir magisk etter få høgdemeter.
Eilev så inspirert att han freista fyka litt…
Rikelig med snø att i fjellet her oppe, men den var fast å gå på så det gjekk greit.
Oppe på toppen, utsyn over alt!
Nektarin stopp før turen går ned att.
Like flott og bratt ned som opp 🙂
Vel nede i båten blei det velfortjent pastamiddag i Cirkeline II. No klevask 🙂