Våkna opp til blikkstille og blå himmel!
Perfekt dag til å gå på Festvågtind. Her er det bratt opp!
Pause ved eit vatn på veg opp.
Utsikten blir betre og betre!
Men enno er det nokon bratte, varme meter igjen før toppen!
Alt betalar seg vel oppe ! Me får nyta utsikten ned til Henningsvær aleine ei heil stund, men så kjem det mengder med folk pustande og pesande oppetter..
Utsikt mot Stamsund og Ballstad. Heilt stille på toppen i dag!
Nede i Henningsvær får me velfortjent lunsj på Lofotmat.
Me fekk sitte på takterrassen og nyta dei beste blåskjell me har ete. Flott service og super mat her, anbefalast 🙂
Her fekk og Eilev endeleg kjøpe den kaviaren han har snakka om sidan me var her og kjøpte i 2014! Laga lokalt av Lofotmat.
I båthavna var det ein nabo som underheld i timevis med musikk frå forskjellige sjangrer på stereoen, innimellom så supplerte han med gitarlyder som minna om stemming og song som var på nivå med Eilert Pilarn. Underhaldande ja…
Me rusla ein tur her- det meste dreier seg om fisk – turistar og fisk..
Attende i båten så hadde den lokale Eilert Pilarn avslutta dagens konsert og roen hadde senka seg.
Perfekt dag i Henningsvær !
For noken glansbilde. Finare kan det ikkje verta.
Ja dette var ein vakker dag og tur! Anbefaler den om du skal dit!