Starta dagen med eit besøk på Kaviar factory (art tatt ut) i Henningsvær, flott utstilling og svært hyggelig vertskap! Anbefaler eit besøk her!
Dagens etappe.
Segling med vind frå sør, sol inn i cockpit 🙂 🙂 🙂
Innsegling til Stamsund
Her ligg fiskeflåten på vent og gamle sjøhus til overnatting for fiskarar er godt haldne. Autentisk miljø.
Etter ein noko forseinka lunsj ville me gå ein liten fjelltur. Utsikten blir flott fort med dei bratte liene dei har her ..
Den korte turen blei etter kvart utvida til å gå over alle toppar du ser i rekkja her..
og det er bratt opp.. og brattare enn kamerater kan fanga.
Grønt og fint ned.
Plutselige stup utfor og utsikt rett ned i havet.
Og det er bratt og smalt.
Sa eg det att det var bratt?
Og luftige passajar..
ja og så var det endå meir BRATT
Utsikt ned att til Stamsund som breier seg på begge sider av ryggen me går på.
Kva skal eg sei? bratt?
Luftig og smalt..
Glade vandrarar på toppen av Steinetind.
Utsikt mot Sennesvik.
Eit fråflytta fiskebruk i lagune, ser idyllisk ut herifra…
Utsikt vidare fram – me bestemmer oss for å gå den vegen ned att..
Så då blir det stupbratt nedover.
Og oppover
Og nedatt…
Opp att og endå ein tind er tilbakelagt
Endå fleire å ta av- kor går vegen tru?
Ned i dumpa mellom to- så ber det opp att.
Framleis luftig ja.
Nedover igjen
Og rett utfor her
Bortetter BRATTE lier
Me anar slutten her..
YES!!! Ingen fleire opp og ned, no er det berre lia ned.
Fire timar på tur med for lite vatn og ingen niste, men like blide 🙂 Det var spektakulert, flott tur!
Godt å kome i Cirkeline å dusje og få vegetartaco i dag 🙂