Dagens etappe. Innom her og der for å sjå, og så fiska me torsk til dagens middag 🙂
Dette såg idyllisk ut oppe frå fjelltoppen i går, viser seg å vera heller slitne hus, men ei fin vik er det.
Havskodda ligg på lur…
I Ballstad har eg eit syskjenebarn Grete Marit. Ho tok på seg oppgåva å vera vår lokale guide 🙂 Me gjekk tur til Nonstind , ein runde i Ballstadheia og ned att. Som de ser utsikten er upåklagelig !
Snart fugleperspektiv! 🙂
Langt nedi der ligg Cirkeline i lag med alle dei store 🙂
Eilev og Grete Marit rett før toppen.
Utsikt mot Skottind.
Flott turterreng opp her.
Så ber det ned att.
Ballstadreven!
Vikingskip-kopi som høyrer til vikingmuseet på Bø.
Rorbuer- gammalt og nytt.
Hei
Vær forsiktige viss de skal bestiga Skottind. Øystein gjekk opp der , og datt nesten i «hollet «. 300 m. rett ned. Ei dame datt ned og sa ikkje ordet,sa ein nabo me snakte med der oppe.
«Like ved toppen før et kort klyvepunkt er det et tydelig hull i fjellet, en sjakt som strekker seg mangfoldige meter gjennom fjellet. Ved hullet er det montert en minneplate etter en ulykke 12.7.1995 hvor Jorunn Helene Arctander omkom. Hun var med presten på en fellestur til toppen da hun på tragisk vis ramlet ned i hullet og falt ned sjakten like ved toppen.»
Me hadde lokalguide så me passa oss for det fjellet! 😁