Nok ein perfekt dag med sol, sol , sol! Me bestemte oss for å gå på Tindstinden. Flott utsikt over idylliske Sørvågen etter kort tid.
Me måtte gå over nokon fonner, nokon i brattaste laget synest eg, men det gjekk fint 🙂
Nesten oppe – utsikt ned til Ågvatnet.
Og full kontroll på Å her oppe frå!
Flott sti der det ikkje er snø.
På toppen, utsikt ned til Å på eine sida og Sørvågen på andre. Veldig god sikt i dag så me ser heilt over til Steigen. Det er ferja frå Bodø til Moskenes me ser der nede.
Ikkje eit vindpust på toppen, så då kunne me sola oss etter nisteeting 🙂
Der ute er Moskenesstraumen, Mosken og Værøy.
Varmt og fint til fjells i dag 🙂
Me var akkurat her!!!
Nedatt til fiskevatn
Me freista fiskelukka men det blei fint lite fisk …
Full snøsmelting og store elver i dag.
Greit med middagsrester når auren ikkje vil bite 🙂
Skulle gjerne vore med her ser eg. Gler meg til å sjå meir eventyr…..
Ja her hadde du likt deg 😁