I dag var det kald vind og havskodde på Ramberg. Me tok bussen til Reine og der var det sol og fint 🙂 Flotte blomstrande lier oppover mot Reinebrinken.
Ny sti sidan sist, utrulig flott laga trapp på nesten 1700 trinn.
Utsikten her oppe er ikonisk. Vanskelig å begrensa seg i fotograferinga og vanskeleg å velja kva eg skal ta med her…
Men i dag skulle me videre opp på toppen- eg seier berre Besseggen og Romsdalseggen – barnemat! Eg kjende på att her er det smalt og laaangt ned på begge sider…
Målet er toppen til venstre her.
Og utsikten tek pusten frå deg heile vegen- av og til fordi det er så stup-bratt og av og til fordi det er så vakkert!
Oppe og nøgd med meg sjølv ! Utsikt eine vegen og..
..og utsikt andre vegen.
Så ber det nedan over dei samme kvasse egga …
Ja- og så utsikten då…
Nede i trappa att. Imponerande arbeid!
Vel nede att like heile 🙂 Var forresten ei skummel hending på brinken der mesteparten stoppar. Nokon var uaktsomme og løyste ut ein stor stein som raste nedover og tvers over der stien går! Det gjekk bra denne gongen, men dette var nære på.
Buss attende til Ramberg- her framleis kald vind. Herleg å koma inn i varm båt!
Middag med bakte grønnsaker og svinefilet smakte! Ikkje før velveret senka seg og eg kjende att middagskvilen kom sigande, skulle Eilev ut å sjå på den flotteste stranda i Lofoten som ligg her. På med varme kle og ut. Her dokumentert at Eilev har briller på …
Ein tjeld hamstra makkamiddag i sanden..
Må jo innrømma att det er ei flott strand, det er anbefalt å bada når sjøen flør opp på varm strand, skal vera varmast då…
Eilev ville sjå utover i kikkert om det kunne bli farbart vidare i morgon. Det førte til at han mista brillene (i så fall 3dje par som sjøen tar). Me leita og leita, men måtte gå slukøyra heim. Etter å ha fått varmen att og ferdig oppvask fekk Eilev ny gnist på leiting. Jammen slo lukka til igjen, brillene låg fint samanlagde mellom mange fotavtrykk, rett før bølgene nådde dei. Då blir det portvin ….
For ein flott tur!!