Halve dagens etappe her . Me henta påhengsen og åt lunsj med Grete Marit i Ballstad. Gjekk så Nappstraumen og ut til Ramberg. Sol inn i cockpit og medstraum 🙂
Reine og Kirkefjorden- fjella.
Fiskarar rund alle vegar – ein me møtte meinte att søringene med alle fiskebåtene såg ut meir som eit taterfølje 🙂
Her i Ramberg var det fleire brygger å velja mellom – denne vart det mykje fiskebåtar på- så me valde ei anna.
Pannekaker til middag, så pakke sekk og fram med syklar 🙂
Me sykla til Fredvang for å gå på Ryten og ned i Kvalvik.
Flott sti heile vegen, kan skimte Kvalvika nede der.
På toppen er det flott utsikt ned i Kvalvika.
Og flott utsikt tilbake til Ramberg
Ein balansekunstner på vardebygging hadde sett att denne!
Så går vegen ned i fjørå. Det var nett som ein campingplass, 6 telt !
Flotte plankebruer over våte myrer, til og med møteplasser! Ver så god passer!
Hadde ikkje vore lett å koma tørr i land med jollen her..
Så var det den tunge vegen heim – opp først , og så ned til syklane 🙂
Godt å koma inn i båten å varme seg å få litt varm te og portvin no 🙂