Nok ein urealistisk vakker og varm dag! Dagens etappe ser slik ut. Me har snirkla oss innom både her og der og sett korleis dei har det i finaveret.
Første var Gaukvær.
Her har det budd 300 stk fast! Skulen var under to steinar!! 30 elevar!
Møysalen i det fjerne- mykje snø der enno.
Skarv.
Fjellside full av jonsokblomst.
Det kokte av alker og lundefugl i sjøen- men dei har nokon å passe seg for..
..me såg i alt 10 forskjellige ørner i eit lite område kor alker og lundefugl hekkar. Her 5 stk på ein gong!
Me var innom ein stad som heiter Tind, ein tidlegare viktig handelsstad som er i ferd med å bli restaurert – ingen bilvei hit.
Innsegling til Nyksund-me kom 5 min for seint til å få mat på Ekspedisjonen.
Så då blei det fiskegryte frå eiga bysse. Slett ikkje dårlig skal eg sei deg 🙂
Me gjekk ein runde på land – litt kaotisk – noko er heilt nytt, men også mykje som det hastar med at nokon tek tak i…
Her ligg Cirkeline II på den eine gjesteplassen dei har.