Dagen i dag starta med litt skyer som de ser,
Eilev har opplevd verre skyer enn dette og det har gått bra seier han.
Dagens etappe, motvind og til tider mykje stamping… men me klagar ikkje det har vore flott i dag og!
Bleikøya- her koker det med sjøfugl og det sirkler ørner over dei…
Like moro å sjå på lundefuglane kvar gong me møter dei.
Utsikt mot sør på veg inn i havna på Andenes.
Ikkje så lett å finna kaiplass, men ein hyggelig kar på kaia ringde havnesjefen og tok oss med i bilen og viste oss ein perfekt plass med lite vind og sol i cockpit. Me fekk og orientering om kvar me kun få alt me trong – kjekt å bli mottekne slik.
Me fann til slutt ein open restaurant , som heiter Arresten , på land her (dei fleste har stengt på mandag), her fekk me prosecco….
… og husets opp ned bacalao.