Eilev starta dagen med skypemøte. Denne fiskebåten har tydelig starta dagen med ein god jobb! Mange som vil ha del i utbyttet!
Etter lunsj tok me ein sykkeltur til Bleik. Sykla strandvegen, fekk auga på denne – alternativ regnsamlar!
Sikten er så som så…
..men fin temperatur og flate vegen.
Ute på Bleik letta skodda sakte men sikkert.
Sykla ut på moloen , og det blei retteleg fint!
Litt etter litt kom Bleikøya til syne også.
Då me kom attende til Andenes var det framleis grått.
Etterkvart blei det lettare nede, men tåkeskyer så me ser ikkje midnattsola.
Stor hjelpsomhet og fleire trivelige besøk i båten i kveld. Ein kaptein som kjende godt til Fjellstrand og Brødrene Aa, og eit par i ein anna båt her. Dei hadde gode tips til korleis oppleve Senja.