Dagen starta med lågt skydekke. Vakkert her på Senja uansett.
Dagens mål; Segla med Hesten i bakgrunnen.
For å sei det slik, her har det gått nokon før oss..
Halvegs oppe på Segla. Skodda heng ned over fjelltoppane enno, Barden i bakgrunnen.
Gjenstår ein bratt etappe opp til toppen.
Vel oppe, svært luftig ned, litt låg skodde, men det var klart ned så det kjentes i magen når me kikka over den vertikale kanten …
Etter ein tur gjennom skogen ser me andre sida av Segla på veg opp til Hesten
No skin sola og det er berre velstand. Senjahopen i bakgrunnen.
Tenk der borte på tuppen var me!
Vel verd alle slag sefier!
Utsikt mot Kongane.
Me gjekk ned att på eggen mellom Segla og Hesten.
Sette meg på trollet for å ta bilete, det sa ikkje ordet.
Luftig utover heile vegen, me ser tilbake opp mot Hesten.
Her oppe var me altså!
Skikkelig imponerande fjell!
Rett i bilen og mot Hamn, kom forbi dette «magasuget», flotte fjell over alt!
Vel i «Hamn», her håpar me på å få litt mat.
Mykje godt her, Eilev får boknafisk og eg ravioli med klippfisk.
Vakkert her i Hamn i dag.
Fantastisk, ser tøfft ut. Me og har planar om Senja i år, men spørst om me torer dette.
De torer! Fantastisk her! Gled dåka!
Oi besten må halda seg godt å ikkje sleppa, da e langt ner.
Turna besto? Ho må ikkje detta, då slår ho seg masse.
Takk for gode råd 😊 me er like heile 🍀
Fantastisk, så kjekt at de fekk så godt ver her.
Dette vil eg og!
Det er me ikkje i tvil om att du vil 🙂